VOSSABADETOrdet fritt
Ordet fritt:

Tankar om likeverd og likestilling

I dei siste vekene har det kome opp ein viktig debatt kring Vossabadet og universell utforming, utløyst av eit lesarbrev frå Bjørn Egil Tolås.

AV
Publisert

Han peikar på at det er mykje bra med Vossabadet, men at tilkomsten til distansebassenget må utbetrast.

Diskusjon om tilgjenge i Vossabadet har vore ein gjengangar i lokallaget til Norges Handikapforbund på Voss sidan badet opna.

Då draumen om eit skikkeleg badeanlegg på Voss vart ein realitet, gjekk lokallaget til NHF inn som sponsor i lag med mange andre som delte same draumen. NHF på Voss hadde eit krav, og det var krav til universell utforming. Me vart inviterte av Voss kommune til informasjon-/dialogmøte, der me fekk presentert Vossabadet av arkitekt og byggefirma. Etter presentasjonen vart me delte i grupper, fekk tildelt planteikningar og høve til å koma med innspel.

Kort fortalt var det mykje å ta stilling til på kort tid.

Universell utforming var med som eige punkt i teikningane. Så langt me kunne sjå, og vart fortalt, var det planlagt god tilkomst, romslege garderobar til menneske med nedsett funksjonsevne, akustikkdemping og heis til opplæringsbassenget.

Kanskje vart me litt blenda av planane, den flotte presentasjonen og ikkje minst ein draum som snart var verkeleg.

Og kanskje tenkte me brukarane av Vossabadet inn i ei for snever gruppe.

Mellom menneske med nedsatt funksjonsevne er det stor variasjon og ulike behov, og slik er det for oss alle.

Saken fortsetter under annonsen.

Mange vil nok vera nøgde med opplæringsbassenget, der dei kan bevega seg i varmt vatn. Andre får trening i terapibassenget på Hagahaugen i regi av fysioterapeut. Medan andre vil symja og trena i langdistansebassenget, noko som pr. i dag byr på utfordringar. Kanskje har mange vore for «flinke» til å definere behova for andre utan å høyra med den som har skoene på ...

No når Vossabadet er ein realitet er mykje av planane innfridde. Det er eit vakkert bygg med god tilkomst, heis i opplæringsbassenget og store og romslege garderobar, som med utbetring i form av knaggar, hylle og handtak i dusjane og betre dusjstol, vil fungera bra. Desse forslaget til utbetringar har Vossabadet fått tilbakemelding på.

Bjørn Egil Tolås fortel i lesarbrevet at han må ha hjelp av ein badevakt når han skal ut av bassenget, og han meiner at dette er feil bruk av både ressursar og gir dårleg tryggleik. Dette er det ikkje vanskjeleg å seia seg einig i.

Like mykje som det handlar om tryggleik, handlar det òg om verdigheit, det å vera likestilt og kunna delta og ha eit sjølvstendig liv.

NHF på Voss set pris på at dagleg leiar i Vossabadet ynskjer ei brukargruppe, at Iril Schau Johansen tok saka opp i komunestyremøtet og at ordførar Hans-Erik Ringkjøb er tydleg på at «Vossabadet skal ha tilgjenge for alle».

Me i lokallaget har tru på at Voss kommune saman med brukargruppa finn ei god løysing, ei løysing som gjer at alle kjenner seg velkomne og får gode opplevingar i det flotte badet vårt!

Aud-Marit Netteland, leiar i lokallaget til Norges Handikapforbund på Voss

Les også

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.