BØMOENOrdet fritt
Ordet fritt:

Støy i arealplanlegging ved Bømoen flyplass

Sigurd Solberg trur det kan verta spanande å høyra kva Fylkesmannen har å seia om Bømoen-saka.

AV
Publisert

Det veiledande regelverket for handsaming av støy i plansaker, T-1442, har vore aktivt sidan 2005.

Flyplassar er store støykjelder og har heile tida vore viktige i regelverket.

Bømoen flyplass og støy ved bustader i nærleiken er viktige spørsmål.

Fylkesmannen er staten sin fagmyndigheit for støy i plansaker. Han kan koma med innsigelser om arealbruken ikkje er godt nok i samsvar med regelverket.

I så fall går saka til mekling og mogeleg avgjerd i Miljøverndepartementet.

Fylkesmannen og Voss kommune har nettopp hatt drøfting av plansaka om Bømoen. Fylkesmannen har førebels ikkje sagt kva han meiner. Det blir kan hende spanande?

Sigurd Solberg

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.