RYDDEDAGOrdet fritt
Ordet fritt:

Storrydding på Telland

Telland Grendalag hadde ryddedag torsdag 3. mai. Grenda går frå Saue til Gjøstein, vidare til Nesheimstunet og Vetlestølen.

AV
Publisert

Me var i alt 30 stykke med stort og smått som var i aksjon denne kvelden. Reppavegen, Tvinne, Pøyso, Løno til Saue er område som no er rydda reint.

Og det er mykje bos og skrot og finna, mellom anna tomboksar og flasker, plastemballasje frå særleg bensinstasjonar, bildelar som bildekk, men det toppa seg nok med vitrineskåp i furu.

Alle som var med var veldig positive til aksjonen, og alle like overaska over mengda bos som vart samla inn.

Ein billhengjar pluss ein pickupkarm vart fylt opp og henta av Presis Vegdrift, dei sponsa og sekker og hanskar, og Nobi Voss sponsa oss med refleksvestar.

Kvelden vart avslutta med matøkt på Telland Grendahus og litt premiar til borna som var med og plukka.

For styret i Telland Grendalag, Ole Ronny Selje

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.