VOSS UNGDOMSSKULEOrdet fritt
Ordet fritt:

Skulebygg trumfar nye prosjekt

Økonomiplan for 3 år fram i tid har akkurat vore på den politiske dagsorden og budsjettarbeid er nærast kontinuerleg på agendaen. Det kjem tydeleg fram at det er mange viktige og gode prosjekt som treng investeringsmidlar.

AV
Publisert

Mykje godt arbeid skjer i klasseromma og rektorane styrar sine ressursar så godt dei kan med klokskap, kunnskap og omsorg. Lærarane er gode rollemodellar, fagleg sterke, kreative og motiverer borna kvar dag. Det står ikkje på viljen hjå dei tilsette i skulen, men det skortar på rammene me gjev dei.

I tillegg til å prioritera nok lærarar, kompetanse og støttefunksjonar inn i skulen, må politikarane også sikra born og tilsette gode arbeidsvilkår. Fysiske forhold på skulen påverkar både trivsel og læringsutbyte.

Dei treng klasserom, pauserom, arbeidsrom, kontor, toalett, teknisk infrastruktur, IT-løysingar, godt inneklima, gode uterom og mykje meir. Dei siste åra har kommunen investert betydelege midlar til renovering og nybygg av skular, men framleis er nokon av bygga i så dårleg forfatning at dei færraste av oss hadde akseptert slike arbeidshøve. Me er ikkje i mål og må halda trykket oppe.

Eg vil ikkje støtta løyvingar til nye store prosjekt før me har fått dekt dei største behova for bygging og renovering av skulane våre. Mellom anna vil eg at planlegging og prosjektering av ny skule i Skulestadmoen og ny idrettsfløy på Voss ungdomsskule må i gang snarast. Me må satsa på nye og moderne bygg som dekkjer framtidas behov. Vangen- og Gullfjordungen skule må få midlar til dei naudsynte tiltak som alt er godt kjent hjå administrasjon og politikarar. Me må prioritera når mange gode prosjekt står i kø og dette har me ikkje råd til å nedprioritera lenger.

Utdanning har så mange fleire verdiar enn rekning og lesing i seg sjølv. Satsing på skule og utdanning er vår tids viktigaste tiltak for å jamna ut sosiale, økonomiske og helsemessige forskjellar, førebyggja ny fattigdom og nye sosiale skiljelinjer. Born skal vera trygge og lukkelege og veksa opp til å bli innovative og handlekraftige vaksne med gode moglegheiter til å leva sine liv akkurat slik dei ynskjer.

Me må satsa på dei!

Elin Seim, Voss Venstre

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.