VAKTAR NYNORSKENOrdet fritt
Ordet fritt:

Skriv om vatningsforbod held ikkje vatn

Til ordføraren i Ulvik.

AV
Publisert

Alle husstandar i Uvik har fått skriv med kommunevåpenet på om «Varsling om restriksjoner i vannforsyningen – Ulvik vassverk». Alt i overskrifta ser me kva språk heradet vel å bruka, eller kan henda er det rettare å seia: Mangel på språk.

Men det er mest bokmål med islett av eit og anna ord frå nynorsk, som vatn, ikkje, plassar, vass og litt til. I desse eksamenstider for grunnskulen ville dette knapt halda til 3 i karakter med nynorsk som hovudmål, og 3+ med bokmål som skriftspråket.

No ventar eg ikkje at det er språkfilologar som rår på Ulvik herad v/teknisk, som har underskrive brevet til alle. Men eg ventar, og har krav på å få, eit samanhengjande godt språk, som gjev meining og ikkje latter og i verste fall sinne. Det er ikkje berre å trekkja ordkort or ei øskje og så setja desse inn der det høver utan tanke og medvit om at det skal ein bodskap fram.

Så er heradsmerket på plass. Med dette skriver skjemmer ein ut merket. Skrivet viser mangel på respekt for språk og identitet i Ulvik, noko heradsmerket også skal vera eit symbol på. Dette er skjending av heradsvåpenet.

Spørsmåla reiser seg:

1. Vert det i Ulvik herad kravt nynorsk i utlysing av stillingar?

2. Vert det snakka om språk og kvalitet i intervju med søkjarar?

3. Ved tilsetjing, vert det kravt nynorsk som tenestemål i alle avdelingar i heradet?

4. Kjem kravet om nynorsk inn i arbeidsavtalen, den årlege eller den litt lengre?

5. Kva tilbod gjev heradet til dei tilsette, for delar av året eller for året?

I slik høve nyttar det ikkje med orsakingar, det einaste som nyttar er handling som kommunal oppgåve.

Arne Skjerven

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.