FlaumOrdet fritt
Ordet fritt:

Skisse til avklaring i flaumreguleringssaka

Ut frå siste informasjonen om denne saka arbeider ein no med ein plan for å sjå om ein greier å løysa flaumreguleringa innanfor vassdraget, eller om ein lyt byggja ein flaumtunell til Granvinsfjorden frå Raundalelva med inntak ved utløpet til Urdlandselva i hovudelva.

AV
Publisert
Oppdatert:

Eg har sett på saka og utifrå mi vurdering må ein byggja både flaumreguleringstunell frå Raundalselva til Granvinsfjorden, og i tillegg ha ein avlastingstunell frå Palmafossen til utløpet av Bordalselva i Vangsvatnet for å unngå flaumskadar oppstraums Vangsvatnet.

Ei flaumregulering må ta høgde for 40 prosent påslag av ein 200 års-flaum. I rapporten «Flomberegning for Vosso» ved Erik Holmquist, NVE (2015), er det ein tabell over flaumnivå ved ulike flaumstorleikar. Her er det rekna med ei vassføring på 1180 kubikkmeter pr. sekund ved Kinne i Raundalselva ved ein slik flaumstorleik.

Ved å ha ein flaumreguleringstunell på førnemnde stad i Raundalselva som går til Granvinsfjorden og med kapasitet 550 kubikkmeter pr sekund, blir denne vassføringa redusert til 630 kubikkmeter pr sekund; og vidare ein avlastingstunell frå Palmafossen til utløpet av Bordalselva i Vangsvatnet også med ein kapasitet med 550 kubikkmeter pr. sekund er vassføringa i Raundalselva ved ein storflaum med førenemnde format redusert til 80 kubikkmeter pr sekund i elvamøtet med Strandaelva nedanfor Tvilde.

Ved storflaumen hausten 2014 hadde Raundalselva ved målestasjonen på Kinne ei vassføring på 762 kubikkmeter pr sekund, medan Strandaelva berre hadde 200 kubikkmeter pr sekund; slik at Vosso etter elvamøtet nedanfor Tvilde hadde ei vassføring på samla 962 kubikkmeter pr sekund, noko som gav omfattande flaumskadar. Ved 40 prosent påslag på ein 200 års-flaum har Strandaelva i den førenemnde tabellen ei vassføring på 660 kubikkmetert pr sekund. Saman med ei Raundalselv som er ned-regulert til 80 kubikkmeter pr sekund, gjev dette ei samla vassføring i Vosso nedanfor Tvilde på 740 kubikkmeter pr sekund, som er ein reduksjon på 23 prosent i høve nivået ved flaumen i 2014.

Dette skulle tilseia at ein unngår flaumskade på Langebrua og annan infrastruktur og bygningar oppstraums Vangsvatnet.

I tillegg må ein ha ein tappetunell frå Lilandsosen på Bulken til Seimsvatnet som byrjar å tappa vatn ut av Vangsvatnet ved flaumvarsel alt i førekant av ein storflaum for å unngå flaumskadar på Vangen. Frå Evangervatnet til Bolstadfjorden må ein også ha ein flaumreguleringstunell for å unngå flaumskadar på Evanger.

Samla sett vil det bli heller store kostnader som krev ekstraløyving over statsbudsettet, men ein må berre ta inn over seg at tilpassingstiltak for framtidige klimaendringar vil krevja betydelege investeringar og høgre enn hitidige løyvingar til slike formål. Mitt tidlegare opprinnelege flaumreguleringsforslag (publisert i denne avisa) som hadde fleire flaumreguleringstunellar ut av vassdraget var nok sikrare, men hadde ein så høg kostnad at NVE meinte det ikkje var politisk vilje til å løyva så store summar til slike tiltak.

Legg til at mitt tidlegare forslag med fleire flaumreguleringtunellar ut av Vossavassdraget hadde ein flaumreguleringstunell frå Eggjareir i Raundalen frå Raundalselva til Osafjorden. Denne hadde den fordelen at flaumutsette jernbanestrekningar i Raundalen vart verna mot flaumskadar fordi elva då vart regulert forbi desse stadene.

Ein jernbanefunksjonær som eg diskuterte dette med, meinte at flaumskadar på dei førenemnde stadene også kan unngåast ved å gjera elvefaret djupare på dei utsette stadene; og eg vonar at dette kan gjerast på alle dei utsette strekningane med fullgod effekt om det blir slik at flaumreguleringstunellen frå Eggjareir til Osafjorden ikkje blir bygd.

Viser også til flaumreguleringsforslag publisert i avisa 26/6-2018 av Bjørn Stalheim. Dette forslaget må sjølsagt vurderast av Sweco som har tekniske hjelpemiddel til å gjera det; på same måte må hans trasé for avlastingstunell med inntak frå Kinne og som går under Sonvesåsen og ut ved sørsida av Vangsvatnet ved eit bratt fjellområde vest for Lotatreet vurderast om dette er ei betre løysing for avlastingstunell enn det som Sweco arbeider med no frå Palmafossen til utløpet av Bordalselva i Vangsvatnet.

Finn Sweco etter nærmare tekniske granskingar at Bjørn Stalheim sin føreslåtte trasé for avlastingtunell er beste løysinga, vil også sjølsagt avlastingstunellen med føreslåtte kapasitet i i mi her framlagte skisse følgja denne i så fall nyvalde traseen.

Jon Hauge

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.