IKKJE EIN BAGATELLOrdet fritt
Ordet fritt:

– Sigurd Hille (H) bagatelliserer utsett K5-byggjestart

Linda Merkesdal og Øystein Hassel frå Arbeidarpartiet meiner Sigurd Hille (H) bagatelliserte K5-situasjonen på valmøte denne veka.

AV
Publisert

Torsdag 10. august deltok me på eit valmøte med reiselivsnæringa på Voss i regi av NHO. Der høyrde me mellom anna gode framlegg frå Mona Hellesnes frå Destinasjon Voss og Knut Kettermann frå Myrkdalen Hotel. Det var imponerande å høyra kor vellukka reiselivssatsinga på Voss har vore dei siste åra. Me vossingar og vestlendingar skal vera stolte over å kunna syna fram merkevaren Voss til dei stadig fleire turistane som kjem til bygda.

I likskap med vossingane og resten av næringslivet var òg reiselivsnæringa heilt tydelege: Me treng ny veg og jernbane no. Denne rasutsette strekninga har ført til altfor mange dødsfall og personskadar, i tillegg til at aktiviteten til næringslivet i regionen jamleg heng i ein tynn tråd når dei er avhengige av ein veg som faktisk er meir stengd enn fjellovergangane om vinteren. Reiselivet på Voss hadde ein klår beskjed til oss politikarar på møtet: No må bygginga snart komma i gang, og vegen og jernbana må byggjast ut parallelt.

Me i Arbeidarpartiet er heilt einige i at me har venta lenge nok no. Ordførarane våre i Voss og Vaksdal har vore sterke pådrivarar for å tryggja vegen og jernbana mellom Voss og Bergen, og me har fått stortingsgruppa og leiinga i Arbeidarpartiet med på byggjestart i 2021. Då Frp/Høgre-regjeringa la fram ein Nasjonal transportplan (NTP) der K5-alternativet Arna-Stanghelle var utsett til andre del av planen, var ikkje dette berre eit stort løftebrot frå regjeringa, men det skauv samstundes heile prosjektet ut i det blå. Me i Arbeidarpartiet meiner det er avgjerande å starta bygginga i 2021 fordi me dermed bind regjeringa i den kommande stortingsperioden til å ta ansvar for at oppstarten faktisk skjer. Derfor legg me tre milliardar på bordet i fyrste del av NTP for å få dette til. Når Frp og Høgre no har utsett byggjestart til andre del, vil ikkje noka regjering vera ansvarlege for at K5 vert realisert før tidlegast etter stortingsvalet om fire år, og me risikerer at strekninga ikkje er ferdig bygd før utpå 2030-talet. Så lenge aksepterer me ikkje å venta!

På valmøtet bagatelliserte Sigurd Hille frå Høgre situasjonen og skreiv frå seg heile ansvaret. Det reagerer me på. Han sa at «no måtte me slutta å slå kvarandre i hovudet med årstal», og lærte oss andre i møtet at NTP berre er ein stortingsmelding og ikkje eit vedtak om løyving. Det var ifølgje han ikkje så viktig når i planen Arna-Stanghelle får oppstart. Med andre ord var det plutseleg ikkje så farleg at regjeringspartia hadde utsett K5 med fleire år.

Ein ting er at det er skuffande at hordalandspolitikarane i regjeringspartia ikkje har kjempa hardt nok for Vossebana og ny E16, men me hadde ikkje rekna med at dei ville lata som om NTP plutseleg ikkje betydde noko i det heile. Me trur på at Hille og dei andre posisjonspolitikarane frå Hordaland oppriktig ynskjer ny E16 og vossebane snarast råd, men då er dei og partia deira hjarteleg velkomne til å stø framlegget frå Arbeidarpartiet om byggjestart i 2021. No kan me ikkje venta meir!

Linda Merkesdal og Øystein Hassel, stortingskandidatar for Hordaland Arbeidarparti

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.