TRENG UTBYGGINGOrdet fritt
Ordet fritt:

– Rust opp skulebygga uansett

Skulebygga på Voss må rustast opp uavhengig av ny debatt omkring skulestruktur.

AV
Publisert
Oppdatert:

Utdanningsforbundet Voss registrerer at Voss Høgre ynskjer ein ny debatt om skulestruktur, med ei utgreiing om ein skal byggje ny ungdomsskule. Dette er ein debatt som politikarane på Voss gjerne kan ta på sikt, men Utdanningsforbundet Voss vil vera tydelege på at dette ikkje må blandast saman med kortsiktige prioriterte område i økonomiplanen.

Uavhengig av kva skulestruktur ein skal ha, må dei områda som er prioriterte på kort sikt, gjennomførast no. På Voss ungdomsskule må planarbeid for ny idrettsfløy verta starta opp, og den må byggjast uavhengig av kva skule den skal husa. Vidare må det gjennomførast oppussing av Vangen skule i samsvar med arbeidsgruppa sine innspel til kortsiktige løysingar, slik at skulen får tilfredsstillande løysingar for personale, og at alle rom i bygget blir rehabiliterte fullt ut.

Til sist må det på kort sikt verta engasjert ein arkitekt som ser korleis Skulestad skule kan byggjast om, slik at den tilfredsstiller krav for personale og elevar i framtida.

Utdanningsforbundet Voss forventar at kommunestyret fylgjer opp vedtaket i formannskapet omkring prioriterte område på kort sikt, som no ligg inne i økonomiplanen.

Utdanningsforbundet Voss, Kåre Grevle (leiar) og Anders Gjeraker (hovudtillitsvald)

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.