E16 TRENG FORNYASTOrdet fritt
Ordet fritt:

Prosjekt og pengar – før og no

Med byggjeprosjektet i Prinsensgate 26 går det økonomisk frykteleg gale, og det er me skattebetalarane med vårt slit og strev som lyt betale.

AV
Publisert
Oppdatert:

Stortingsdirektøren og Multiconsult skuldar kvarandre for å ha gjort mykje gale, men uansett kven den skuldige er, så er dette ein stor skandale.

Eg sjølv har vore borti slike konsulentar som skal læra folk å arbeida meir effektivt og fortare, men for meg enda det med at eg kappa litt av fingertuppen så fingeren vart litt kortare.

Av dei samme konsulentane heldt eg på å le meg både skeiv og skakk. Dei påstod at me vart meir effektive dersom me brukte litt av arbeidstida til å spela ludo og kinasjakk.

Av og til undrar eg meg over kva all slags rare prosjekt desse politikarane bevilgar pengar til, men kva me vanlege folk meiner om det, spelar nok lita rolle frå eller til.

Me er fleire som meiner at E16 frå Skulestadmo til Oppheim er i dårleg forfatning no, den treng sårt å fornyast for ein milliard eller to.

Det røyner veldig på veg-fundamentet med all den tungtafikken som er no, så eg er nesten redd for at vegen nokre plassar kan rivna og dela seg i to.

Ingvald Ringheim

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.