VEGEN TIL RASDALENOrdet fritt
Ordet fritt:

Privatisering av kommunale vegar i Voss kommune

Styret i Rasdalen grenda­lag, samla til møte 27. april, vil uttala fylgjande.

AV
Publisert
Oppdatert:

I ein reportasje i avisa Hordaland 7. april i år, går det fram at Voss formannskap har diskutert å privatisera kommunale vegar i kommunen. Det synest å vera semje om at dette vil vera eit naudsynt tiltak i samband med utarbeiding av økonomiplanen for åra 2019-2022.

Styret går sterkt imot ei eventuell privatisering av Rasdalsvegen. Hovudargumentet vårt er tilhøva i Rasdalsberget, der vegen ligg på ei hylle i det bratte fjellet. Fjellet er ikkje sikkert i høve til ras, i desember 2011 gjekk det eit stort ras der, og vegen var stengt i to og ein halv månad. Det vart mykje arbeid og store kostnader med å få bygt vegen opp att.

Dersom vegen skulle verta privatisert, er det ikkje økonomisk grunnlag for å rydda opp etter eventuelle ras og å få sikra vegen godt nok. Det er også eit kraftverk nedst i dalen, og trygg veg er viktig for å ha tilsyn og vedlikehald ved inntaket ovanfor Rasdalsfossen.

Det er framleis gardsdrift i Rasdalen. To gardar i Øvre Rasdal vert slått og haldne i hevd, og på det eine bruket er det full drift med sauehald. Dei vert årleg sleppte på beite innover i fjellet. Den som eig denne garden arbeider på Voss, og reiser opp og ned dagleg. Derfor er ein avhengig av brøyting, og at det kvar dag er trygg tilkomst til dalen. Når det gjeld sauer, har det også i ein mannsalder vore folk frå Osterøy som har leigt beite i Rasdalsfjella. Denne gardsdrifta og sauebeite er svært viktig for å halda kulturlandskapet ope i dette området.

I 1982 vart Rasdalen regulert til hytteområde. Det vart til saman lagt ut 54 hyttetomter. Det er i dag nesten 40 hytter i Rasdalen, og dei fleste vert flittig brukte. Det kan her nemnast at på påskebasaren 2018 i grendahuset var det 85 menneske i salen. I tillegg er Rasdalen også eit populært tur- og friluftsområde, med merkt turløype over til Hamlagrø, Opptur til Vibotn og turarrangement frå andre delar av kommunen.

Grunneigarar og hytteeigarar i Rasdalen betaler eigedomsskatt og kommunale avgifter til renovasjon og feiing. Her får kommunen inntekter som også bør koma oss til gode. Det einaste me no får att for dette, er vedlikehald av vegen. Ved privatisering har ikkje kommunen lenger utgifter på oss, berre inntekter.

Denne delen av kommunen har sidan 1964 gjeve mykje til kommunekassa i Voss kommune, det er berre å nemna kraftpengar. Då kan det ikkje vera for mykje forlangt å få noko igjen. Når me ser kor mange kroner som til dømes Gondolbana og Vossabadet vert tilført, så er det ikkje eit urimeleg krav at Rasdalsvegen – og også andre kommunale vegar – skal halda fram med å vera kommunale.

Frå teknisk avdeling i kommunen vart det i avisreportasjen om kommunale vegar opplyst at kommunen i fjor brukte 1746 kroner i driftsutgifter per innbyggjar, 500 kroner meir enn gjennomsnittet i kommunar som ein samanliknar seg med. Men når ein samanliknar seg med kommunar som Kongsvinger, Sørum og Øvre Eiker, må ein også ta med seg at der er det eit heilt anna landskap enn slik det er i Voss kommune.

Arbeidet med vegen opp til Rasdalen starta i 1904, og først 50 år seinare var vegen komen heilt fram i Øvre Rasdal. Innbyggjarane i Rasdalen gjorde ein innsats som det står respekt av for å få fram veg til grenda si. Ein god del av vegarbeidet vart gjort med pliktarbeid i eit utfordrande terreng. Ei god tid før vegen var ferdig, vart det rekna ut at verdien av dette pliktarbeidet alt då oversteig verdien av gardane i Rasdalen. Det høyrer også med til historia at ein av gardbrukarane omkom i eit sprengningsulukke under arbeidet på vegen i 1934.

Voss kommune, og det nye Voss herad, bør arbeida for å ta vare på utkantane sine. Det er faktisk meir enn «berre hyttefolk att der ute», som ein av representantane i formannskapet hadde uttala, ifylgje avisreportasjen. Vert vegen vår privatisert, kan det verta kroken på døra for Rasdalen. Me vil arbeida for å ha eit livskraftig samfunn i Rasdalen, og håpar at Voss kommune vil gå for det same.

Rasdalen grendalag, v/Terje Rasdal

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.