KRITISKOrdet fritt
Ordet fritt:

Overvakinga som gjev grunn til uro

Om lakseindustrien sin trong for å skape sitt eige verdsbilete og forsøket på privatisering av forvaltinga av felles ressursar.

AV
Publisert
Oppdatert:

Skandinavisk Naturovervåking AS har i 2017 overvaka oppgangen av laks og sjøaure i m.a. Granvinsvassdraget ved hjelp av videokamera. Føremålet skal vera å skaffa fram «kunnskap som er mest mogleg sann», slik oppdragsgjevaren Lingalaks AS og Tombre-gruppa vel å uttrykkja det.

Lat oss med ein gong slå fast at rapporten frå Skandinavisk Naturovervåking AS gjev oss ingen nye svar. Resultatet er derimot ei stadfesting av den negative trenden ein har sett gjennom år. Om lag 800 gytefiskar av sjøaure har passert kameraet i løpet av sesongen frå mai til oktober.

At det er registrert i overkant 3000 ungfiskar av 4000 fiskar, ligg også innanfor ei normal fordeling. Det er vanlegvis meir umoden enn moden fisk i ein bestand. Men 4000 fiskar i Granvinsvassdraget er langt unna det ein skal kunna forventa og kva som er potensialet for vassdraget.

Sjøauren lever delar av sitt vaksne liv i fjorden. Den er difor svært eksponert for påverknad av lakselus frå det intensive lakseoppdrettet i fjordsystemet. Ein påverknad som tidleg 1990-talet og utover førde til ein dramatiske knekk i bestandane. Dette faktumet unngår rapporten å drøfta når ein gjer forsøk på å finna forklaringa på den historiske utviklinga.

Sjøaurebestanden i Granvin har til no av forvaltninga ikkje vore rekna som kritisk trua, ei vurdering som m.a. er basert på den årlege gytefisktellinga utført av UniMiljø.

Utviklinga i Granvinsvassdraget er ikkje noko unntak. Nedgangen gjeld for dei fleste vassdraga og er mest dramatisk i midtre delar av Hardangerfjorden.

Sjølv om inntrykket av at lusetrykket år om anna har blitt mindre dei seinare åra, har ikkje dette vore nok til at bestandane har klart å ta seg opp att.

Talet laks som er observert er også bekymringsfullt. Ikkje minst når ein òg veit at laksen har vore freda i over to tiår. Ei bekymring ein òg må sjå i samanheng med påverknad av lakselus og rømd oppdrettsfisk. Trass mange år med stor lokal innsats med uttak av rømd industrifisk, erfarer ein at minst 50 prosent av den fisken ein i dag finn på gyteplassane anten er eller er sterkt påverka av fisk frå oppdrettsindustrien.

Ingen fjordsystem er betre kartlagt kva gjeld årsak og kva fylgjer oppdrettsaktiviteten har for fisk og fjordmiljø enn Hardangerfjorden. Den forskinga er leiande og nyt stor anerkjenning i internasjonale miljø.

Men her er me òg ved kjernen av kva denne saka eigentleg dreier seg om. Resultata frå anerkjende forskingsmiljø blir fornekta og bortforklart fordi dei ikkje passar næringsaktørar med vekstambisjonar. Difor ser ein behovet for å skapa si eiga verkelegheit, bidra til forsking som gjev «kunnskap som er mest mogleg sann». Me har sett andre næringar i same situasjonen der òg målet er å endra fokus, bortforklara eller å bagatellisera konsekvens av eigen påverknad.

Privatiseringa av forvaltinga av våre felles ressursar og allmenningen fjorden, er med dette i ferd med å ta nye steg i feil retning. Det er det denne saka eigentleg gjeld.

Det burde uroa langt fleire enn oss som er opptatt av å få tilbake haustbare bestandar i fjorden og vassdraga våre, til glede for innbyggarar flest og dei som vil besøkja oss.

Sven-Helge Pedersen, i Hardangerfjord Villfisklag.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.