BER FOR ESTETIKKENOrdet fritt
Ordet fritt:

Oppussinga av Gamlekinoen

Det gler meg at ordføraren meiner at Gamlekinoen er ein kjær institusjon og at me må ta vare på den særeigne salen.

AV
Publisert

Førebels er interiøret, stort sett, slik som då salen vart innvigd for 60 år sidan. Heldigvis.

Hordaland Musikkråd har uttalt at kinosalen har mange gode kvalitetar, ikkje minst den estetiske utforminga av lokalet og at rommet har potensial til å bli eit godt konsertlokale for lydsterk, akustisk musikk, men rådet meiner det må iverksetjast lydspreiande tiltak.

Underskrivne er redd for at desse teknisk/akustiske tiltaka kan gå ut over dei estetiske verdiane som salen har.

Dei ansvarlege må knyta til seg profesjonelle folk som ikkje gjer som vart gjort ved oppussing av Formannskapssalen – kasta ut stolar designa av Torbjørn Afdal, og det i året då det var 100 år sidan ein av landet sine mest produktive etterkrigsdesignarar var fødd på Voss.

Det må lata seg gjera å få til ein lydteknisk betre sal, samstundes som ein tek vare på interiøret.

Lat meg til dømes sleppa å sjå det vakre panelet kvitmåla!

Andi Hjeltnes

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.