KORT TID MED BORNAOrdet fritt
Ordet fritt:

Om bemanning og økonomi i barnehagane

Kommentar til lesarinnlegg i Hordaland laurdag 26. mai.

AV
Publisert

Tusen takk til Sandra Norekvål og FAU ved 4 kommunale barnehagar på Voss, som tok seg tid til å skriva eit lesarinnlegg om bemanningssituasjonen i barnehagane i dag, og om bemanningsnorma innført frå august -18, med overgangsordning fram til august -19. Dei belyste veldig bra den korte tida ein er alle tilsette på jobb i barnehagen.

I dei store barnehagane er dette mellom kl. 9.45 og kl. 13.30, i den tida er det og pauseavvikling, avdelingsmøte, ped.leiarmøte, samarbeidsmøte, foreldresamtalar, medarbeidarsamtalar, kollegarettleiing, barnehageteam, medråderettsmøter og startsamtalar.

Ei bemanningsnorm for barnehagane er absolutt på sin plass. No er det lovfesta ei pedagognorm, gjeldande frå august -18, som gjer at mange barnehagar i dag må gjera endringar i si personalgruppe og tilsetja fleire pedagogar for å oppfylla krava. Kvalitet og fleire pedagogar i barnehagen er bra. Men dette er ikkje utan utfordringar.

Ein pedagog kostar meir enn ein fagarbeidar eller assistent. Pedagogen har òg krav på planleggingstid, 4 timar i veka i 100 prosent stilling. Dette er tid vekke frå borna/avdelinga og skal brukast til planlegging, førebuing, evalueringar, etterarbeid, telefonar, samtalar/samkøyring/planlegging med andre pedagogar og med styrar mm. Dette er viktig og naudsynt for at det skal vera kvalitet over arbeidet med borna og personalet i barnehagen.

I dag er borna mykje lenger i barnehagane enn dei var for berre nokre få år tilbake i tid. Dei fleste borna har heil plass i barnehagen. Dei fleste et frukost i barnehagen og sjølvsagt føremiddagsmat og frukt. Dei fleste er 8-9 timar i barnehagen kvar dag og har sjeldan fri. Dei fleste har 4-5 veker ferie/fridagar i løpet av eit år, sjølv om nokre av foreldra kanskje har meir.

Eit eksempel frå ein barnehage: Det er 2 tilsette på 2 småbarnsavdelingar på jobb frå kl. 6.45 til kl. 8. Då kjem dei neste 2 tilsette, og det kan då vera 20 born av 28 totalt som er komne. Kl. 8.15 skal eigentleg frukosten byrja, men det er mange born, og fleire grin og er lei seg. Det er for travelt og ein kan ikkje byrja med frukost før den 3. tilsette kjem kl. 8.30. Då blir det sein frukost, ca. kl. 8.45, og ein forskyv heile dagsrytmen.

Her ser ein at det trengst ein vaksen til, ein som kunne kome kl. 8 og jobba heil dag og skapt meir ro, tryggleik, forutsigbarheit, trivnad i barnegruppa. Det ville gjort at dei vaksne hadde betre samvit, mindre stress, meir tid og ro til borna og dei fekk gjort meir av det Rammeplanen seier me skal jobba med.

Dei ville gitt eit betre kvalitativt tilbod til born og foreldre. Med ny bemanningsnorm vil det bli betre, for det vil krevja ein vaksen til på 14 småbarn, altså 5 vaksne, der me i dag er 4. Problemet er at ein assistent/barne- og ungdomsarbeidar til, kostar frå kr. 296.000 – kr. 409.000 i året. Har barnehagen 2 småbarnsavdelingar vil summen dobla seg, utan at staten vil gå inn med meir. Kommunane har alt fått pengane, seier dei!

For oss private barnehagar, til forskjell frå dei kommunale, vil dette få endå større konsekvensar! No endeleg får me 100 % tilskot av kva tilsvarande kommunale barnehagar får, men me får det utrekna etter rekneskapen 2 år tilbake! Det vil dermed få ekstra store konsekvensar for oss, om kommunen utset å innføra bemanningsnorma til august 2019. Då vil ikkje me få dette inn i vårt tilskot før om 4 år, då tilskotet for i år er avgjort.

For neste år får me tilskot ut frå rekneskapen i 2017, og først i 2022, vil me få tilskot på grunnlag av auka bemanning i alle dei kommunale barnehagane. Og dette er eine faktoren som gjer at mange private barnehagar får store økonomiske utfordringar, og at mange på landsbasis må leggja ned, og td Vethe gardsbarnehage her på Voss.

Saken fortsetter under annonsen.

Den andre faktoren er at me får vita tilskotssatsane veldig seint og at det kan vera stor variasjon frå fyrste tilskotssats til siste. Td for dette året, der alle barnehagane fekk mindre tilskot for 2018 enn for 2017. Ein barnehage fekk redusert tilskotet med 970.428 kroner frå fyrste kunngjeringa av kommunalt tilskot i oktober -17. Dei private barnehagane klaga på saka med hjelp frå PBL (private barnehagars landsforbund). I neste utrekning i januar -18 gjekk dei opp med 648.516 kroner.

Ved 3. utrekninga i februar -18 gjekk tilskotet endå meir opp, med 52.566 kr. Ved 4. og forhåpentlegvis siste utrekning i mai -18 auka det igjen med 711.680 kr. Dette på grunnlag av at kommunen har gjort fleire feil og posteringar som PBL ikkje godtek. Det enda med at dei gjekk ned med 211.276 kr frå 2017 til 2018! Men det kunne vore ein nedgang på 970.428 om me ikkje hadde klaga grunna feilføringar!

Det er svært få bedrifter som kan driva på slike forutsetningar: At ein som nr. 1 får tilskota utbetalt på grunnlag av gamle rekneskap, der ikkje auka kostnader som fylgje av nye lovkrav er inkludert, og som nr. 2 ikkje kan stola på at dei tilskota ein får er korrekte!

Eit anna viktig moment, er at ein er pålagt å jobba med mange viktige tema og prosjekt, td. ZERO og Tidleg Inn, men det er ikkje lett å få nok tid til dette. Alle snakkar om tidleg innsats i høve til born som strevar og sårbare born, men mange barnehagar og skular får ikkje dei ressursane dei treng, som desse borna krev, det som skal til for å gje dei ein god kvardag, gje dei tryggleik, trivnad, meistringsopplevingar, utfordringar, vener, tid på eit fang ...

Noreg brukar like mykje pengar på tiltak knytt til psykisk sjuke vaksne som dei investerer i olje og gass (Henning Plischewski, Læringsmiljøsenteret). Tenk på det!

Kva om politikarane kunne ha omplassert desse pengane, og investert meir i barnehage og skule, så hadde dei kanskje ikkje kosta samfunnet så mykje seinare, og fleire born ville fått ein god barndom.

Det hadde vore ein VINN – VINN – situasjon!

Invester mykje når borna er små og borna vil meistra livet betre seinare og kosta samfunnet mindre!

Eit hjartesukk frå dei private barnehagane på Voss

v/ Anne Ragnhild D. Kyte

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.