MILITÆRETOrdet fritt
Ordet fritt:

Olje og granatar – før og no

Etter me fann olje er me visstnok vorte så rike her i ­landet, men kor har pengane vorte av?

AV
Publisert
Oppdatert:

Dersom staten har så mykje pengar, skulle det ikkje vera nødvendig med så mykje skattar og avgifter av alle slag.

Før me fann olje bygde me også opp mange skular og sjukehus, men for å spara pengar ymtar politikarane no frampå om å leggja fleire av dei i grus.

Før hadde me ikkje så mange skjema av alle slag, og ­heller ikkje så mykje og dyrt byråkrati, ja, jamvel kommunestyret kunne ikkje alltid rekna med å få laurdagsfri.

Før hadde me også råd til å ha eit sterkt militært forsvar, og det var vanskeleg å sleppa unna fyrstegongstenesta sjølv for den som både var puslete og rar.

Sjølv på den tida då eg var soldat, så kosta skarpe granatar og kuler mykje peng, men eg hugsar me skaut så masse at me hadde både granatsjokk og sterk øyresus når me gjekk til ro i vår seng.

På skytefeltet gav sersjanten ordre om at me skulle ­bruka opp alle granatar og kuler me hadde fått, og så sa han vidare at: «jeg håper dere lavpannede kjøtthuer denne ordre har forstått».

Til slutt lyt eg seia at eg er veldig glad for å ha lært litt god gammaldags militærdisiplin, for då sender eg ikkje ufine tekstmeldingar til modne damer, sjølv om eg har drukke masse vin.

Ingvald Ringheim

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.