KJØKKEN PÅ VETLEFLATENOrdet fritt
Ordet fritt:

Odd Himle og kjøkken

I eit lengre lesarinnlegg er Odd Himle mellom anna kritisk til kommunen sitt vedtak om bygging av «storkjøkken».

AV
Publisert

Då er det turvande med litt saksopplysningar: Det vert i første omgang bygd kjøkken i tilknyting til ein av våre sjukeheimar, truleg Vetleflaten. Dette vil kunna levera mat også til dei andre sjukeheimane, i tillegg til heimebuande. Så vil det vera opp til framtidige fleirtal i kommunestyret om ein også skal byggja kjøkken på fleire sjukeheimar.

Personleg tykkjer eg dette er ein logisk måte å starta opp arbeidet med å få god, varm og lokal mat. Me byggjer eit kjøkken om gongen.

Og SV vil sjølvsagt arbeida for at alle sjukeheimar, tilliks med andre heimar, skal ha sitt eige kjøkken.

Arnfinn Gjerdåker, Voss SV

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.