POSITIVOrdet fritt
Ordet fritt:

Nye mogelegheiter for industrien i Hordaland

Pilane peiker oppover for norsk industri. Men det er også nokre utfordringar.

AV
Publisert

Nye prognosar frå Norsk Industri viser ny optimisme i industriverksemdene. Dei forventar vekst på rundt fem prosent det neste året, og ein svak auke i sysselsetjinga. Det viser at politikken til regjeringa fungerer.

Samstundes seier to av tre verksemder at dei i år og neste år vil satsa på nye produkt i etablerte marknadar og etablerte produkt i nye marknader. Dette viser at verksemdene er villige til å endra og omstilla seg. Det er kjempeviktige eigenskapar for å overleva den tøffe konkurransen internasjonalt.

Den tradisjonelt viktigaste naturressursen for Noreg – olja – vil hald fram å vera den viktigaste drivaren for vekst i mange tiår framover. Men me treng nye næringar som skal skapa auka verdiskaping og nye lønsame arbeidsplasser for framtida.

Slik sikrar me eit berekraftig velferdssamfunn, som er prioritet nummer ein for regjeringa.

Samstundes står me overfor ei stadig raskare teknologiske utvikling. Digitalisering, robotisering og nye banebrytande teknologiar kjem til å endra industrien slik me kjenner den i dag. Framover handlar det om å skapa nye produkt, produksjonsmåtar og forretningsmodeller. Då må me tenkja grønare, smartare og meir nyskapande. I tillegg kjem klimautfordringane. Der vil mykje av løysinga liggja hjå den innovative industrien.

Nokre av det første eg gjorde som ny næringsminister var å besøkja Yara på Herøya i Porsgrunn. Yara har gjennom ein lånegaranti på 1,6 milliardar kroner frå Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) sikra finansiering av ein ny og moderne produksjon av gjødsel.

Dagens industri i Grenland er noko heilt anna enn det me såg på sytti- og åttitalet. Industrien her såg tidleg mogelegheiter i å utvikla ein grønare industri og energieffektiv produksjon basert på industriell kunnskap. Dette er ferdigheiter som er eit godt utgangspunkt for å møta dei industrielle utfordringane i framtida. Historiske industrisamfunn som Kongsberg, Raufoss og Mo i Rana er andre eksempel som har vist evne til rask omstilling og moderne næringsutvikling mellom anna på grunn av digitalisering.

I Hordaland investerer Hydro meir enn ein milliard kroner i gjenåpning av en produksjonslinje som har vore nedstengt ved sitt aluminiumsverk på Husnes.

Det er bra, for regjeringa har sett seg som mål at Noreg skal vera ein leiande industri- og teknologinasjon. Me fylgjer opp Industrimeldinga frå i fjor og legg slik til rette for at nye og eksisterande industriverksemder i Noreg skal få halda fram å veksa.

Vår tradisjon for samarbeid, tillit, flate strukturar og vår industrielle kompetanse gjev industrien eit godt utgangspunkt. Eg er stolt av at norsk industri både er omstillingsdyktig og nyskapande. Eg er sikker på at den positive utviklinga vil halda fram.

Torbjørn Røe Isaksen (H), næringsminister

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.