KVEN SKAL BETALA?Ordet fritt
Ordet fritt:

Nok er nok!

Med det meiner eg dei store summane regjeringa subsidierer el-bilane med.

AV
Publisert

Tenk om dei heller kunna bruka dei pengane på sykkelstiar, ja for då kan me snakka miljø og sikkerheit.

Har dei styrande tenkt på kven som skal betala alle bomavgifter, vegavgifter og parkering, når dei vil at alle skal bruka el-bilar?

Ein annan ting som er svært skremmande, som me har opplevd, er når du møter el-bilar utan ljos i tunellar. Elles er det vel påbode med køyreljos etter vegen, det har i alle fall eg lært.

Eg er vel gamaldags, men eg ynskjer å ha varme i bilen vinterdagen utan å vera redd for å tappa batteriet for straum.

Mary Herland

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.