IKKJE GODT NOKOrdet fritt
Ordet fritt:

Nok ein gong amatørmessig

Apropos oppslag i forrige nummer av Hordaland når det gjeld nye togsett på Vossebanen og Forum Nye Bergensbanen.

AV
Publisert

La det vera sagt: Eg unner sjølvsagt både lokførarar og konduktørar eit betre arbeidsmiljø når det no omsider kjem nye togsett, MEN – nye togsett i 2018 der berre eit fåtal seter er regulerbare? Mesteparten er «rett opp og ned-seter», og reistida til Bergen er som før – heilt opp i 1 time og 23 minutt. Nok ein gong amatørmessig frå NSB eller Jernbaneverket eller kven det no er som kjøper nye tog.

Så til reisetida Bergen–Oslo og Ringeriksbanen. Før det første må ein slutta å snakka om den timen Ringeriksbanen vil gje i kortare køyretid. Den timen (nesten) kunne ein henta ut for lenge sidan – i og med nye tunellar og trasear. Det har ikkje NSB gjort. Dei vil heller ha gammal køyretid og toga i rute. Like fullt er Bergensbanen den strekningen med flest forseinkingar.

Så til politisk vilje. Stortinget vedtok å byggja Ringeriksbanen i 1992. Forum Nye Bergensbanen blei etablert i 1993. Kva har skjedd? Ingen ting! Håplaust – og nok eit døme på udugelege amatørmessige politikaar. Me er eit fattig land sjølv om statskassa renn over av oljepengar og skattar og avgifter.

Kjell Fuglehaug

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.