Kronikk:

Namnet skjemmer i 2018

Viss ein meiner at alt var betre før, tek ein til å verta gammal. Men mykje var annleis før, og ingen vil tilbake til «gamle dagar».

AV
Publisert

Nye tider lagar nye ord. Varslar fekk eit nytt innhald då Robin Schaefer sa frå om dårleg politiarbeid i Bergen. Det kosta å vera varslar for han. Ein person samanlikna politiet med eit orkester der éin dirigerte, og dei andre lydde taktstokken.

Schafer hadde ei tøff tid, men han viste at han hadde rett og fekk til slutt rett.

I 2017 FEKK me Metoo, sjølvsagt frå USA. No legg det folk ned for fote, fordi andre «har lagt folk ned for fote». Ingen bransjar går klar. Det er heilt sikkert på sin plass at dette problemet vert teke på alvor, og det er kvinnene det helst går ut over. Men Olav Thon på 95 år trur det vil gå seg til, les eg på nettet. Kanskje det er noko primitivt, naturgjeve i dette fenomenet.

I Steinalderen skal mennene ha drege seg ei kjerring heim etter håret. Men det er mykje som må vera annleis 12.000 år seinare! I min alder ville «tukling» helst måtta sjåast på som ein bonus.

Sjølv er eg og vorten meir forsiktig når eg handlar på Coopen, særleg når der er mykje folk – og damer. Eg passar på at eg ikkje uforvarande kjem borti ei yngre dame. Sjølv om me ikkje har korkje fastbuande prest eller lensmann, så er det vel andre som tek imot varsel, Tenestetorget til dømes? Det står att mykje skitten undertøysvask i mange bransjar i Fedrelandet.

DET ER IKKJE berre nye ord og omgrep som er i fokus. Gamle omgrep vert forbodne.

Lokalt frå min pure ungdom kan eg hugsa dei snakka om «vanføre». På Lekve skule var det jamvel «vanførebasar» kvar haust. Denne var populær, ikkje minst fordi der vart selt veldig god dravle. Denne var tunn og jamn, laga av spesialistar på Lekve, og ikkje klumpete som vossadravlen 17. mai i våre dagar.

Ein gong tok nokre «glibbar», eg inkludert, drosje frå Brakanes til Lekvebasaren. Me sette oss bakarst i salen, ein vane me hadde med oss frå skuletida. Fyrst heldt ein emissær ein liten andakt. Kva han snakka om fekk me ikkje med oss så langt bak, men frå bakarste benk vart det klappa etterpå. Folk vart usikre, fleire gjorde det same, og til slutt klappa heile salen! Talaren tumla på plass, sidan han ikkje var van med applaus etter andaktane sine. Dravlen smakte ekstra godt!

I dag heiter det handicap, handikap og handikappa. Engelsk er sjølvsagt betre enn det gamle norske ordet.

ORDET «NEGER» KOM òg frå Amerika. Me møtte det i tidleg barndom i barnetimen med Torbjørn Egner. «Vesle negergutt» var ein koseleg liten kar.

Det vert og fortalt om ei mor som spurde guten sin om det var ein neger med i flokken. «Vent litt», svara guten, «eg skal ut å sjå etter.»

Truleg er problemet framleis «oppskrytt». I dag heiter det «farga». Men det finst så mange fargar, gule, kvite, brune ... «Kvite italienarar» er visst framleis lov, sjølv om det skal vera ein hønseart.

Eg vil meina at «neger» er eit heidersnamn. Dei hadde ein kronglete veg frå slavar, gjennom borgarkrigen i 1860-åra, fram til byrjande fridom med Martin Luther King og til President Barack Obama. Michelle Obama er nærast USA kjem til ei Gudinne!

Saken fortsetter under annonsen.

Indianarane vart nok sette på som fiendar den tid me gjekk på den eine cowboyfilmen etter den andre. Dei hadde rett nok lide stor urett under dei kvite si erobring av prærien, men me heldt med cowboyane.

KRONIKK

Etter at Kevin Kostner «Dansa med ulvar» er det vel ingen som ser på indianarane utan respekt både for soge og kultur. Men i dag må ein skriva noko slikt som «urinnvånarar i Amerika».

SPRÅKET VÅRT ER er ein levande organisme som endrar seg med tida.

Dette har ein alltid kunna registrert frå folk som på eit tidspunkt har forlate landet og vorte buande resten av livet til dømes i Amerika.

Eg har eit syskenbarn i Canada som har budd der sidan 1960. Han snakkar norsk, men den varianten me hadde for 50-60 år sidan.

Ein gong fortalde han om ein kjenning som hadde «nedfallssykje». I dag heiter det epilepsi, og sjølv om det føregår på same måten, så er det gamle ordet sikkert både uforståeleg og forbode.

EG HØYRER MYKJE på radio, og det er mange kanalar og mykje å velja mellom. Radioen har dei beste bileta, har nokon sagt. I alle fall er det sikkert at ein i radioen unngår tanketome humorprogram og kjendisar som konkurrerer i hovudlause øvingar, og ikkje minst unngår ein reklame for eigne program kvart femte minutt.

For ikkje lenge sidan var der eit program på ein eller annan radiokanal som tok føre seg dette med ord som er forbodne å bruka.

Eitt av dei nyare orda som skal vera forbodne, er namnet på ein fugl, som heitte «musvåk» (orsak at eg må bruka det her).

Det nye ordet/namnet skal heretter vera «vaginaobservatør».

Steinar I. Bergo, Ulvik

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.