NY OMGANGOrdet fritt
Ordet fritt:

Møt opp i kveld!

Kva tid må kyrkjeklokkene i Noreg stilna etter dom frå Den Europeiske Menneskerettighetsdomstolen?

AV
Publisert
Oppdatert:

Det var med glede eg registrerte at desember gjekk over utan diskusjon om skulegudstenesta.

Men no er det ein ny omgang i Voss kulturhus i kveld.

Med Human-Etisk Forbund i førarhuset skal kristendomen viskast ut, og steg for steg skal alt verta nøytralt.

Christian Lomsdalen er i Hordaland 29. mai, mellom anna, opprørt over at klasse 4B har sunge i kyrkja i skuletida. Kva er gale med det?

Song er ikkje lenger eit skulefag. Det er opp til kvar skule/lærar kor mykje det skal syngjast. Er det på grunn av bortkasta tid, eller er det for mange «farlege» songar i arven vår?

Eg er ikkje av dei flittigaste kyrkjegjengarane, men eg har framleis stor glede av salmene og songane eg lærde på skulen. Mellom anna Elias Blix sin: «Guds ord det er vår fedrearv, til borni skal det ganga»

Møt opp i kveld og ver «heiagjeng» for våre kyrkjelege tilsette.

Berit Trå

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.