VOSSABADETOrdet fritt
Ordet fritt:

Minus for Vossabadet

Badet er nok ein trivselsstad for mange, sjølv med eit underskot på kr 650 000 iflg. Hordaland.

AV
Publisert

Årsak ser ut til å vera at vinterveret var ikkje på badet si side – og håpet no er ein regnfull sumar.

Som fleire har sagt – er det slik at budsjettet for badet blir lagt opp etter «verønskje frå Vossabadet» eller verstatistikken for Voss?

Sidan klimaet er i endring kan det då gjerne bli fleire skuffelsar. Mange lurar og på om underskotet blir ei ny kommunal utgift, som kommunen har budsjettert med – og må budsjettera med i åra som kjem?

Eller om det blir «justering» av eigedomsskatten, slik at folk på bygdene, som aldri kjem til å bruka badet, får den overraskande gleda av å betala endå meir på badeprosjektet?

Men kanskje eit betre forslag er å setja bort drifta av badet til den personen som ville kjøpa Bømoen, og som iflg. Hordaland, meinte at Vossabadet ville bli «god butikk» for kommunen. Han kan gjerne få fart på «badeøkonomien» – og ingen ting ville vel vera betre.

Magnar Lemme og Odd Himle

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.