BONDEN ER VIKTIGOrdet fritt
Ordet fritt:

Me treng bonden for å ta vare på levande bygder

Det er vår i lufta og bønder over heile landet håper på godt ver når dei skal setja plogen i jorda.

AV
Publisert

I desse dagar forhandlar bondeorganisasjonane og staten om rammevilkåra for matprodusentane. Bygdekvinnelaga på Voss meiner utfallet av forhandlingane vil påverka ikkje berre bøndene, men òg korleis me vil at landet skal sjå ut.

Utviklinga viser at land­bruket blir sentralisert og flytta frå utkantane, til Jæren, det sentrale Austlandet og Trøndelag. Frå 2002 til 2017 har produksjonen av kjøt og ull auka med om lag ein tredel, og den største veksten er i dei fylka som frå før produserer mest; Rogaland, Hedmark og Nord-Trøndelag. Medan produksjonen i fylke som Møre og Romsdal, Troms og Hordaland går ned.

Norsk landbruk er så mykje meir enn mjølk og brød. Landbruket skaper arbeidsplassar, held liv i bygde-Norge og skjøttar kulturlandskapet. I alt 420 kommunar har arbeidsplassar knytt til landbruket. Berre i landbruk og matindustri er det 90.000 arbeidsplassar. I tillegg kjem lokale arbeidsplassar som leverer varer og tenester til bøndene, som handverkstenester, rådgjeving og varehandel. Landbruket er òg fundamentet for turisme og kulturtilbod i distrikta; som lokalmatprodusentar, reiselivsbedrifter og andre natur- og friluftstilbod.

I store delar av verda skjer urbanisering og sentralisering. Byane veks og distrikta blir avfolka. I Norge er det framleis slik at fleire bur i distrikta enn i dei største byane. Dette skjer ikkje tilfeldig, men har vore eit ynskt busetnadsmønster som eit resultat av målretta nasjonal politikk.

Dersom ein ynskjer å halda ved like ein spreidd busetnad i heile landet, må ein leggja til rette for å driva næringsverksemd i distrikta. Landbruk er ei viktig næring som skaper store verdiar i distrikta og medverkar til at folk kan bu og leva der. For å ta vare på spreidd busetnad, må me ta vare på landbruket i heile landet.

Landbruket utnytter dei naturgitte ressursane. Norge er eit vidstrekt land med store skilnader i natur og klima, noko som inneber ulike føresetnader for å driva landbruk. For å stoppa sentraliseringa må det vera lønsamt å produsera mat på små og store gardar over heile landet. Dette må jordbruksoppgjeret sikra!

Bygdekvinnelaga på Voss, ved Liv Spilde leiar i Bjørgum, Ingeleiv Haugo leiar i Voss, Berly Giljarhus leiar i Egdetveit, Kjellaug F. Dagestad leiar i Vinje, Anna Torhild Blikkberg leiar i Oppheim Hauge og Anne Marit Skjervheim leiar i Myrkdalen Bygdekvinnelag

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.