KJÆRLEIKOrdet fritt
Ordet fritt:

Kvinnekamp – før og no

Eit dikt av Ingvald Ringheim om kvinna, mannen og kjærleik.

AV
Publisert
Oppdatert:

Før sa me ofta oss to.

No seier alle nesten berre metoo.

Før kom det jolabukkar som laga liv og røre,

no er det mykje styr med Giske og Støre.

I nitten syttifem var det internasjonalt kvinneår,

og damene kjempa tappert for betre kår.

Då kunne kona kommandera mannen ut

for å raka lauv og kvista.

Og stakkaren måtte heretter smørja si eiga nista.

Etterpå ryddar du ut av garasjen alle desse gamle tinga,

Saken fortsetter under annonsen.

for no skal kjerringa di i Bømoen å springa.

No tek også jentene seg ein pris snus,

og gutane har lært seg å byta bleier og vaska hus.

Enno er det flest menn som gjer karriere og vert stor,

og det er flest kvinner som set maten på vårt bord.

Det er flest kvinner som gjev dei gamle omsorg og trøyst,

medan mannen sit i møte og snakkar med høg røyst.

Det er fint med iskrystallar i kald snjo,

men det finaste er ekte kjærleik mellom han og ho.

Ingvald Ringheim

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.