– MANGE STERKE MEININGAROrdet fritt
Ordet fritt:

Kven eig Bømoen?

Sterke meiningar og synspunkt, ueinigheit, strid og trakking på andre folk sine tær, fører sjeldan til noko positivt. Det har vel «Bømo-krigen», og alt vist.

AV
Publisert

Iflg. Hordaland er det sterke meiningar om Bømoen. Moen skal vera tur- og fritidsområde, trimområde, luftsportområde, jordbruksareal, trilleområde for barnevogner, osv. – som ei vossadame sa, «ein slags leikeplass for vossingane». For det er, tydelegvis, sterke meiningar om at moen ikkje skal nyttast til noko samfunnsnyttig i form av næringsinteresser. Eit mindre areal (6 prosent) til byggjefelt bør ikkje aksepterast, eventuelt industri bør slett ikkje aksepterast, for ikkje å snakka om det skulle koma ein filial til ein daglegvarebutikk i området, det er totalt uakseptabelt!

Eit «snusfornuftig» og sakleg utspel mot bustadbygging på moen, var i Hordaland laurdag 9. desember. Der blir det hevda at området planlagt til byggjefeltet, vil vera negativt for turistnæringa på Voss.

Som ein bordøling sa: «Er det ikkje utruleg kor kreative folk er med urimeleg påfunn og sterke meiningar når det gjeld Bømoen? Misunnelsen må vera sterk.Er det løye at det er krig i verda?» Ja, utan tvil, både sjølvoppnemnde «Bømo-konsulentar» og enkelte andre har, tydelegvis, sterke meiningar om ressursen Bømoen.

Når det gjeld moen som bustadområde, så, kanskje, mange føretrekkjer å bu i Palmafossen-området av Bømoen i staden for i byggjefelt langt frå sentrum. I Palmafossen-området kan òg born veksa opp i eit grønt og triveleg landområde, som må vera positivt. Det er vel ikkje utruleg at det kan vera meir positivt enn å bu i eit fortetta Vangsområde, der born, meir eller mindre, kan bli «asfaltungar»?

ETTER ALLE STERKE meiningane i Hordaland om korleis Bømoen skal, og ikkje skal, nyttast, er det, etter kvart, folk som lurar på kven som eigentleg eig Bømoen. Var det ikkje Spilde Entreprenør AS og Jordalen Entreprenør AS som kjøpte Bømoen? Men eig dei moen fortsatt? I tilfelle så er det, iflg. Hordaland, mange sjølvoppnemde «Bømo-ekspertar» som har sterke meiningar om korleis andre sin eigedom skal nyttast, eller ikkje nyttast! Eller kanskje eigedomsretten ikkje gjeld på Voss, eller er Bømoen unnateken og underlagt ein «vossisk allemannsrett»? Alle hadde sjansen til å kjøpa moen då den var til sals. Mange lurar på kvifor ikkje alle sjølvoppnemde «Bømo-konsulentar», med sterke meiningar og sterke synspunkt, slo seg saman, tømde sparegrisane sine og kjøpte Bømoen – og la den ut til «leikeområde for vossingane».

Kjøparane, Olav Lægreid og John Jordalen, er truleg, både kjekke og trivelege karar, men er det rimeleg å tru at dei er så kjekke og snille at dei spanderer vel 40 mill kr til «leikeplass for vossingane»? Kor mange vossingar ville ha gjort det? Hadde DU gjort det?

Eller ville du heller ha nytta investeringa på ca. 40 mill kr til vidareutvikling av den ressursen som Bømoen er, til nytte både for deg sjølv og, gjerne, også for lokalsamfunnet?

MANGE FORVENTA AT Voss kommune skulle bli ny eigar, som den store, areal- og samfunnsressursen Bømoen er. Men så glupe og framsynte politikarar og byråkratar hadde ikkje kommunen, sjølv om kommunen, kanskje, kunne ha overteke Bømoen for ein svært rimeleg sum. (ref. Søgård. Og kven veit, med rett strategi, kunne, kommunen, kanskje, t.o.m. ha overteke moen gratis.) Og med den prisen Bømoen vart seld for, kunne Voss kommune, iflg. info., ha kjøpt moen for overskridinga på byggjebudsjettet til Kulturhuset.

Saken fortsetter under annonsen.

Det vil seia at med meir profesjonell økonomisk planlegging og styring av Kulturbygget, så kunne kommunen hatt pengar til kjøp av Bømoen frå byggjesummen til dette bygget.

Når kommunen ikkje overtok Bømoen, kanskje vossingane skal vera glade for at det er lokale investorar som har kjøpt Bømoen og ikkje utanbygdarar eller kapitalsterke utanlandske eigedomskongar? Sistnemnde gruppe hadde gjerne, raskt, «høvla kantane» både av politikarar, byråkratar og «Bømo-konsulentar» og brukt moen til akkurat det dei ville – fordi dei hadde kjøpt moen og eigde den!

STERKE MEININGAR OG synspunkt, ueinigheit, strid og trakking på andre folk sine tær, fører sjeldan til noko positivt. Det har vel «Bømo-krigen», og alt vist. Det er vel både forståeleg og naturleg at eigarane av moen har planar om å nytta ressursen dei har kjøpt? Og kanskje eit sunt mål for ressursområdet Bømoen, kan vera at moen, med tanke på aktivitetar og interesseområde, blir nytta best mogeleg for eigarane, men i samarbeid med eigarane, også til det beste for lokalsamfunnet?

Hadde Voss kommune vore så framsynt og overteke moen, så er det vel rimeleg at også kommunen ville hatt planar for å utnytta Bømo-ressursen og investeringa? Eller er det meir rimeleg å tru at kommunen hadde slengt ut vel 40 mill. kroner for Bømoen, med dusinvis av freda bygningar og store årlege vedlikehalds- og driftsutgifter, til «leikeplass for vossingane»?

Skulle investorane som kjøpte Bømoen tena pengar på investeringa si, så medfører vel det fleire skattekroner til kommunen? Er ikkje det positivt?

Eller tek misunninga då heilt overhand hjå sjølvoppnemde, betrevitande «Bømo-ekspertar», og andre Bømo-engasjerte eller involverte?

Odd Tverberg, Magnar Lemme, Odd Himle

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.