TELEOrdet fritt
Ordet fritt:

Kva gjer Vegtilsynet på E16?

Dagleg reiser eg på E16 på strekninga Humlabrekke­–Åsbrekkegjelet.

AV
Publisert
Oppdatert:

For nokre få år sidan fann Vegvesenet på genistreken med å utvida vegskuldra med å fylla veggrøfta med pukk og singel. Det betyr at vatnet vert ståande i vegmassane.

I vinter gjorde telen vegbanen til ein berg og dalbane. Rett etter svingen i Skjelvika har vatnet ført til at underlaget på vegen forsvinn slik at vegen og autovernet no sig ut mot Strandaelva. Vatn renn som ei gro over vegbanen frå lia overfor.

Vert det ei frostnatt kan vegbanen verta såpeglatt og ulukker kan fort skje.

Ein skulle forventa stikkrenner og veggrøfter på norske stamvegar! Mitt spørsmål er kvar er Vegtilsynet?

Skal ikkje dette nye tilsynet kontrollera at Vegvesenet ivaretek ein vegstandard som reisande kan ferdast trygt på? Har me fått eit tilsynsapparat som speiglar «bukken som passar havrasekken»?

Arne Gilbakken

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.