– KAN BLI VERKELEG UTKANTOrdet fritt
Ordet fritt:

Korreksjon: Me jublar ikkje, me berre grin ikkje

«Folket på Oksenhalvøya jublar etter at Fylkesmannen har vedteke at øya vert ein del av Voss herad frå 1. januar 2020», opplyser Hordaland laurdag 21. april. Det kan verka som at avisa her forvekslar den jublande kjensla over å koma fyrst over målstreken, med letten over å ikkje vera sistemann.

AV
Publisert
Oppdatert:

Grensejusteringa er, ifølgje leiaren i same avis, ein «vinn-vinn-situasjon.» For Voss, som satsar på reiseliv, ligg det openbart vinning i postkortvenlege blømande frukthagar og utsikten frå Oksen. Premien til Oksenhalvøya er å ikkje bli ein del av Odda. Det er verkeleg bra, men generelt sett er det lite ved kommunereforma, og korleis den har spelt seg ut i Hardanger-kommunane, som gir grunnlag for jubel.

Ifølgje regjeringa skal kommunereforma gjera kommunane betre rusta til å ivareta velferdsoppgåver og sikra gode lokalsamfunn. Det er godt mogleg at Voss herad vil visa seg som ein framifrå utførar av velferdsoppgåver, men teikn i tida tyder på at folk i utkantane av det nye Voss herad bør bu seg på tøffe tak: I Granvin har dei starta kampen for å behalda legekontor og helsestasjon etter samanslåinga, og i «Hordaland» 7. april kunne ein lesa at kommunestyret ønskjer å sjå på moglegheitene for å gjera fleire kommunale vegar private. Iallfall på stader der det knapt nok bur fastbuande. Kor mange inngår i «knapt» i desse dagar? To, tre, under ti? I vår har Tjoflotvegen gjennomgått rassikring for om lag ein million kroner. Dette gagnar først og fremst dei (knapt?) 11 fastbuande som passerer den rasutsette staden.

I Ullensvang har Tjoflot vore ein av mange utkantar, ein av mange bratte fruktkledde sider, med ein av mange skrale kommunalvegar. Det har blitt krangla så mykje om økonomiske ressursar mellom aust- og vestsida at ingen av sidene har klart å eta seg feit på kostnad av den andre. Strukturen på Voss legg i større grad opp til sentralisering av tenester, då flest folk bur i nærleiken av eit tydeleg definert sentrum. For dei av oss som kanskje skal flytta heim ein dag, er faren at Tjoflot går frå å vera ein ganske vanleg utkant med ein halvtimes køyretur til vesentlege tenester, til å bli verkeleg Utkant med det doble i køyretid til tenester du treng for å kjenna deg trygg.

«Hordaland» skriv òg at Oksenhalvøya lenge har signalisert at dei ynskjer å venda mot Voss. Ordet «lenge» kjennest som ei flis i auga (og sikkert berre flisespikkeri for mange andre), for Voss var ikkje førstevalet til Oksenhalvøya. I kjølvatnet av at fleirtalet i Ullensvang røysta for å slå seg saman med Odda, tok eit innbyggjarinitiativet til orde for at Oksenhalvøya skulle knyttast til «Granvin eller ein ny Hardanger nord kommune». Dette fekk svært stor oppslutnad ettersom Granvin er vårt naturlege sentrum. Då Eidfjord sitt nei la draumen om ein indre Hardanger-kommune daud, blei det i fjor halde ei ny avrøysting på Oksenhalvøya. Fleirtalet var tydeleg på at ein ønskte seg mot Granvin og Voss, men denne gongen med vissa om at alternativet var Odda.

Historikar Yngve Flo har sett nærare på debatten kring identitet i samband med kommunereforma på 1960-talet som reduserte talet kommunar frå 744 til 454. Han finn mellom anna at motstandarane av kommunereforma kopla lokal identitet til felles historie og tradisjon, medan Schei-komiteen, som stod i spissen for reforma, meinte at lokal identitet endra seg med kommunikasjonsmønster og botna i eit faktisk interessefellesskap.

Omsett til vår røynd: Kommuneidentiteten vår i Ullensvang har vore meir knytt til frukt og fjord, og i mindre grad til felles materielle interesser. No skal me omfamna ein ny kommuneidentitet der interessefellesskapen me har med Granvin og Voss dannar grunnlaget. På mange måtar er det eit meir naturleg fellesskap. Eg trur at det kan bli bra, men eg vil gjerne venta med å sleppa jubelen laus, og i staden retta eit merksamt blikk mot kva Voss gjer for å ivareta dei delane av kommunen ein ikkje ser med det blotte auge frå Hanguren.

Lina Hamre

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.