IDESKISSEOrdet fritt
Ordet fritt:

Kombidrift: Flaumsikringstunell og mineral- og massetransport

Nokre ideforslag, utan fagleg spisskompetanse og utrekningsmodellar.

AV
Publisert

Ut frå rapportar er Raundalselva ofte den som kjem flaumstor før Strandaelva, og då kanskje normalt med større volum og intensitet då denne mangler for det meste dempande magasin frå større høgfjellsområde.

Derfor tenkjer eg det kan vera fordel med stort tverrsnitt og bra fall på avlastningstunellen for å fanga og føra ut mest mogleg vassmassar på kort tid for å sikra Haugamoen.

Forslaget som vart sendt inn for nokre år sidan er: Inntak ved Kinne med eit større, breitt og langt fanganlegg. Her får ein og med Kvislielva som munnar ut i Raundalselva ved Kinne, og denne drenerer ut nedslagsareal frå Horndalsnuten i aust til Bordalsfjella i vest.

Ved Kinne ser det ut til å vera bra med fastfjell. Føreslått tunell går under Sonvesåsen og ut ved sørsida i Vangsvatnet ved eit bratt fjell-område litt vest for Lotatreet. Tunellforslaget vil verta 6 km lang og ha eit fall på 40 høgdemeter. Eg trur dette er ein god måte å få mest mogleg vassmassar ut av Raundalselva på kort tid, elva er på det største her. Stor dimensjon og bra fall på tunell og dermed redusert vassføring i forhold til dagens situasjon frå elvemøtet og til Grandane. Dette vil og flaumsikra Palmafossen og oppover til Rene der det idag er busetnad tett opp til Raundalselva.

Ved denne traseen unngår ein moreneområda ved Gjernes og ein unngår busetnaden tett opp til Raundalselva på strekkja Palmafossen - Rene.

Ut frå Vangsvatnet er då alternativet å føra vassmassane inn i inntak lenger vest ved Vanjolo midt på Vangsvatnet, berre 1,5 km frå utløpet vest for Lotatreet. Tunnel mot Hardanger: Vanjolo–Ålvik eller Vanjolo–Fyksesund.

Fordel utløp Ålvik er kort distanse ut (1 km ) til dei største djupna i Hardangerfjorden (850 meters djup ) for eventuell dumping av overskotsmassar.

Ved Ålvik er det og etablert større industrianlegg med kaianlegg osv. Kanskje ein kan driva ein eventuell tunnel Ålvik–Vanjolo med TBM-maskin, då denne får lite fall og då TBM-tunnel gjev mykje mindre friksjonstap pga glatte vegger.

Eg trur fordelane med flaumtunell-alternativa som drenerer store nedslagsfelt ut av Vossavassdraget mot Hardanger er at ein kan auka fleksibiliteten og starta tidlegare og avslutta seinare flaumdrenering og truleg derfor føra ut av vassdraget store vassmengder ved å ta tida til hjelp ved å dra flaumdreneringa ut i tid.

Det vil nok for bygdelaga vest for Liland vera fordel å få flest mogleg kubikk vatn ut av vassdraget og tidlegast mogleg i flaumforløpet.

Om flaumtunell-alternativet mot Hardanger startar frå Vangsvatnet, kan ein vel òg føra ut vasstilførsle frå dei store fjellområda rundt Vangsvatnet som Volo - Lønahorgi - Horndalsnutenområda - Bordalsfjella - Gråsida. Større høge snau-fjellsområde rundt sentrale Voss som drenerer normalt sett raskt mot Vangsvatnet pga kort distanse.

Eit forslag kan og vera å leggja ny innpåkøyring til sentrale Bømoen og Bjørkemoen nede ved Raundalselva ved Kinne, og med fanganlegget som brufundament. Då er det mogleg å leida dagens tungtrafikk vekk frå Palmafossen skule og samtidig redusera trafikken ved den ugunstige avkøyringa/tilkomsten oppe ved Mønshaugen mot Bjørke. Til dømes ei større trafikksikker rundkøyring ved RV 13 i Rene-området.

Saken fortsetter under annonsen.

Ei moglegheit: Kanskje det ville vera aktuelt å nytta tunellane i framtida som transport-korridor for store mengder verdfulle mineralmassar, som anorthositt, som me veit det finst store volum av i vossafjella.

Å kunna dimensjonera for eventuell kombidrift vil kanskje gje finansierings-moglegheiter. Lange flaumtunellar vil vel elles gje utfordringar finansieringsmessig då dei over lengre tid sikkert vert ute av drift og turrlagde.

Tilgang anorthositt-verdiar:

Ei moglegheit kan vera å byggja tilkomst-tunell for mineralmassar frå Hylland i Sogn til Bjørke på Voss. Denne traseen vil gå ca halve distansen innafor det 148 kvadratkilometer store anorthositt-beltet for tilgang til verdiane og gruvedrift oppover i fjellmassiva mot Øvsthusdalen og Mjølfjell.

Gruvedrift i dagen ved Nærøydalen har avgrensningar pga Verdsarvområdet.

Frå Bjørke vil nok då transport i flaumtunell mot Hardangerfjorden vera naturleg å tenkja på. Transport-korridor for mineralmassar mot Hardangerfjorden vil òg gje kortare distanse mot Europa og UK.

I retning frå Hardanger mot Europa er det òg etablert industri som ved Husnes og ved Karmøy. Det er òg rikeleg tilgang på CO2 ved Kårstø.

Med ein slik korridor vil transporttid mellom Indre Hardangefjorden og Indre Sognefjorden verta korta ned og med Voss som sentralt knutepunkt. Transporttid mellom Voss sentrum og Ålvik ville sikkert kun vera rundt 15 minutt.

Dagens E 16 Hylland–Skulestadmo treng oppgradering stort sett heile den 40 km lange strekkja. Her kan nok òg kanskje vera råd å leggja denne inn i ein eventuell tilkomst-tunell, Hylland–Bjørke, (2 km lengre enn Lærdalstunnelen). Innkorta køyretid på minst 18 minutt og reduserte stigningsforhold i forhold til dagens E 16.

Unngår og då dei varierande føreforholda ein har oppover Vossestrand. Truleg sparte kostnader med kombidrift her og.

Bjørn Stalheim

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.