FLYSTØYOrdet fritt
Ordet fritt:

Kjøpet av Bømoen

– Om Voss kommune hadde kjøpt det store arealet, så hadde nok mange pressgrupper kome på banen, med ynskje om gratis grunn til sine aktivitetar, skriv Trygve Refsdal.

AV
Publisert

Mange meiner at Voss kommune burde ha kjøpt Bømoen då den vart lagt ut for sal. Eg trur det var best at det gjekk som det gjekk, med to lokale og solide vossefirma som kjøparar. Kanskje betre enn om den hadde blitt kjøpt av finansakrobatar eller luftakrobatar?

Om Voss kommune hadde kjøpt det store arealet, så hadde nok mange pressgrupper kome på banen, med ynskje om gratis grunn til sine aktivitetar. Nett slik luftsporten har fått, med god kommunal hjelp. – Det kunne vera camping eller festivalar, paintball eller ymse traséar for køyregreier med og utan motor. På bakken og mellom trea? Kanskje ein viking-landsby? Her er 14.000 vossingar, og fleire tusen av dei ville nok hatt gode idear for ymse aktivitetar i moen. Korleis hadde det då gått med skogen og naturen der, den som no vert sett på som ei naturperle?

Sjølv hadde eg ansvaret for forvalting av skogen på Bømoen, nær 2000 dekar, i om lag 10 år. I perioden 1970-82. Eg overtok etter forstmannen Knut Nedkvitne. Me tok nokre synfaringar i moen og vart samde om kva som burde gjerast der. Me meinte at det var viktig å ta vare på fureskogen, med naturleg forynging, også av di det var viktig for friluftsliv og rekreasjon.

Me var samde om å unngå planting av gran, av same grunn. Med eitt unntak: Nokre felt låg nær sagbruka på Palmafossen, og her var det høg risiko for insektåtak på furetre av margborarar. Difor vart det planta gran på nokre mindre felt der.

I skogsdrifta i åra framover vart det lagt stor vekt på å arbeida vidare med tynningshogstar i overtette, yngre furebestand. Dette måtte gjerast med varsame inngrep, av di trea var høgt oppkvista og svake mot tunge snøfall. Fleire felt vart i denne perioden difor tynna to gonger, og sume tre gonger. Dette vart gjort som øvingsarbeid for elevar frå Voss Jordbruksskule. Dette let seg gjera av di det var god avsetnad for småvirke, gardstaur og rekkverkspålar, for impregnering.

I to vintrar var her tunge snøfall som førde til mykje snøbrekk. Me gjekk då gjennom areala og tok ut dei aller fleste av dei skadde trea med manuell innsats.

Samarbeidet med Forsvaret sine folk gjekk greitt. Me hadde, stort sett, samanfallande interesser. Dei var interesserte i å halda moen skogkledd, og eg prioriterte stellet av ungskogen, utan for store inngrep med snauhogst av fure. – Like problemfri var kontakten eg hadde med entreprenør Arne Spilde om ei skogsdrift på ein annan eigedom som eg forvalta.

Kommunen var også på banen, på grunn av flyplassen. Det var meir problematisk. Der var det ynskje om ekspansjon, som gjekk ut over ungskog. Det største tapet der var snauhogst av eit fint område med ungfure i innflyginga frå aust. Kvar var friluftsinteressene då?

Då den kommunale vegen til flyplassen skulle byggjast fekk eg ingen informasjon om kva som ville skje. Her stod ein del furetre i vegtraséen, og dei burde sjølvsagt ha vore tekne ut før bygginga starta. Men bulldosaren kom fyrst, og for oss skapte det ekstra arbeid med opprydding etterpå.

Lat oss denne gongen vona at Voss kommune no går inn for eit godt og konstruktivt samarbeid med dei som i dag eig Bømoen, og ikkje let seg styra av aktivistar. Eit fyrste steg kan vera å fylgja nasjonale retningslinjer når det gjeld flystøy, og å opna opp for ei moderat satsing på bustader nær skulen.

Trygve Refsdal

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.