BØMOENOrdet fritt
Ordet fritt:

Kinderegget Bømoen: Folkehelse, ekstremsport og bygdeutvikling

– Stadig fleire elevar kjem til bygda for å få ein smak av Voss. Denne smaken inneheld både natur og kultur, tradisjonelt friluftsliv og ekstremsport, skriv folkehøgskulerektor Claus Røynesdal.

AV
Publisert

Etableringa av Voss folkehøgskule i 1895 var ein avgjerande føresetnad for at bygda fekk gymnaset i 1916. Voss sjukehus såg dagens lys på Voss folkehøgskule, då den vart etablert på skulen av okkupasjonsmakta under krigen. Voss folkehøgskule spelar nok ikkje ei tilsvarande rolle som fødselshjelpar for samfunnsutvikling av så store dimensjonar i dag, men utviklinga av bygda får alltid store konsekvensar for utviklinga av skulen vår.

Dette gjeld spesielt for områdereguleringa av Bømoen.

Stadig fleire elevar kjem til bygda for å få ein smak av Voss. Denne smaken inneheld både natur og kultur, tradisjonelt friluftsliv og ekstremsport. Det er mangfaldet som gjer smaken av Voss så sterk. Om lag 70 prosent av elevane våre får utdanning i tett samarbeid med Voss Fallskjermklubb. Luftsport er altså av avgjerande verdi for skulen og elevane.

Dersom det vert innført ytterlegare restriksjonar og reduksjon av flytida på Bømoen, vil dette få store negative konsekvensar for elevane våre. Fallskjermklubben vil ikkje ha same kapasiteten til å ta i mot våre elevar, noko som vil føre til eit svekka tilbod. Me har to fulle 100 prosent stillingar på skulen på luftsport.

I tillegg til å undervise sin klasse, har desse lærarane tilbod om valfag for resten av dei 70 elevane som deltek i luftsport. Reduksjonar på flytid vil kunne få direkte konsekvensar på kor mange tilsette me kan ha på skulen vår.

På skisseblokka vår ligg det idear om å utvikla eit eige ekstremsportilbod for funksjonshemma ungdom. Dette vil kunna bli eit unikt tilbod på verdsbasis. Ski og seglflyging vil då verta hovudingrediensane. Seglflyging er den einaste luftsporten rullestolbrukarar kan utøva utan avgrensingar. me har føresetnader og kompetanse til å utvikla eit slikt nasjonalt tilbod. Men ei avgrensing av konsesjon for Bømoen flyplass vil kunne kansellera denne satsinga.

I eit større perspektiv er like fullt folkehelse det mest sentrale poenget med Bømoen. På Voss finn me mange tilbod innan den organiserte idretten, både utandørs og innandørs. Men Bømoen er også av avgjerande verdi på ei rekkje område.

Bømoen er ein uvurderleg arena for uorganisert fysisk aktivitet. Bømoen er eit lågterskeltibod som utgjer ein særskilt stor verdi for folkehelsa. Bømoen er Vigelandsparken, Nygårdsparken, Nordmarka og Byfjellene på ein og same staden – sentralt på Voss. Med ei forventa fortetting av bygda og utvikling av folketalet i åra som kjem, vil Bømoen vera av avgjerande verdi for folkehelsa, både til faste innbyggjarar og tilreisande.

Voss folkehøgskule nyttar Bømoen til fysisk aktivitet heile året igjennom. Som innbyggjarar flest nyttar me Bømoløypa til jogging, sykling og ski. Me nyttar skogen til orientering, rekreasjon og bærtur.

Bømoen gjev god fysisk og psykisk helse for alle aldersgrupper.

Bømoen er med andre ord eit «kinderegg»: Tre ting i éin. Folkehelse, ekstremsport og bygdeutvikling. Difor er det viktig at strukturane og tilbodet ikkje vert forringa. Det er særskilt viktig at Bømoen, Bømoløypa, Bømoen Flyplass og luftsportaktivitetane der kan halda fram på dagens nviå.

Claus Røynesdal, rektor Voss folkehøgskule

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.