– VIKTIG FOR FOLKEHELSEOrdet fritt
Ordet fritt:

Innspel til Kommuneplan for Voss 2020–2031, samfunnsdelen

Kommunen har i dag denne visjonen: «Voss - bygd for sterke opplevingar».

AV
Publisert

Visjonen i intensjonsavtalen for Voss herad 2020 er: «Ein livskraftig bu- og arbeidsmarknadsregion i verdas vakraste reisemål».

Frå vår ståstad kan me gjerne skriva «Voss – bygd for sterke NATURopplevingar»! Men kva legg ein i «verdas vakraste reisemål»?

I ein uttale til ei vasskraftutbygging på Voss no nyleg, skreiv selskapet som stod bak: «LNF områdets eigenskapar vil ikkje bli begrensa som ein konsekvens av inngrepet. I forhold til alle himmelretninger til inngrepets geografiske plassering er det inngrep frå før.»

Her ligg kjernen i det som formar framtida vår: – er det naturinngrep i området frå før, så er det lettare for andre å ta seg til rette. Mangel på heilskapleg planlegging og konsekvens gjer fort at ynsket om å vera «verdas vakraste reisemål» forblir eit slagord. Landet under eitt har mindre enn 12 prosent villmark att.

Nye Voss vert eit stort herad, men det er ikkje så mykje villmark og urørd natur som ein skulle tru. Det meste av dette må ein til høgfjellet for å finna. Skog, myr og mo er under press og blir fragmentert. Når sluttar ein skog å vera ein skog? Når er ein mo berre ein mo i namnet?

Kartlegging av kva som finst av villmark og inngrepsfri natur i vårt område må vera ei viktig oppgåve, og vern av det som er att må stå sterkt. Tapt urørt natur er tapt for alltid.

Voss herad må ha ein overordna plan for å ta vare på natur- og miljøverdiane. Det er berekraftig, og det er det einaste rette for dei som kjem etter oss. Då må ikkje økonomiske eller strategiske omsyn alltid vinna fram. Nokon må tala naturen si sak.

Det er stipulert ein jamn folketalsvekst i planperioden, med størst vekst i aldersgruppene over 70 år. Samtidig er det eit mål og ei utvikling som tilseier meir fortetting og urbanisering i sentrum. Å leggja til rette for god folkehelse er ei av kommunen sine viktigaste og mest lønsame oppgåver. Det gjer ein ikkje ved å byggja ned sentrumsnære og populære naturperler som Prestegardsmoen og Bømoen.

Dette er lågterskel og rimelege naturopplevingar, med lett tilgang utan motorisert transport. Her kan ein òg nemna kor viktig prioriterte sykkelvegar i og rundt sentrum vil vera for miljø, trivsel og trim.

Saken fortsetter under annonsen.

Voss naturvernlag arbeider med ei sak om dette i sentrumsplanen. Det er ikkje ei særinteresse å tala naturen si sak – det er i kommunen si eiga interesse.

Berekraftig turisme er å spela på lag med naturen og ta vare på den. Vel kan ein seia at kommunen får inntekter frå hyttebygging, og det vil alltid vera økonomi med i biletet når ting skal bestemmast. Men det er ei grense for alt, og kortsiktig økonomisk vinst burde ikkje kunna innskrenka opplevinga og tilgangen til naturen for alle dei som kjem etter oss.

Likeeins har dyre- og fuglelivet ingen pressgrupper med økonomisk tyngde som talar si sak. Kommuneplanen må gje vern til villrein, ørn, storfugl, vadefuglar osv., fordi leveområda litt om litt blir mindre og delt opp. Det står at «den nye kommunen skal leggja til rette for vekst og samfunnsutvikling som er innanfor naturen sine tålegrenser».

Spørsmålet er vel helst kven som bestemmer desse tolegrensene, og kven ser på den totale belastninga. Isolert sett kan ein art eller eit leveområde tola å bli redusert, men kva tyder det for andre i området?

I høve til klima er nedbygging av myrområde problematisk ved at det vert frigjort tre gonger så mykje CO2 ved nedbygging av myrjord som ved skog- og jordbruksareal. Myr er den viktigaste kjelda for karbonlagring me har, og er såleis svært sårbar for menneskelege inngrep. Myrområde har dessutan ein flaumdempande effekt som er særs viktig for å ikkje auka faren for flaum ved nedbørstoppar. Kommunen må òg syta for at naturen si ibuande evne til å ta opp og seinka flaumtoppar, ikkje vert øydelagd gjennom uheldige skogsvegar, vegetasjonstypar eller snauhogst.

Det verna Vossavassdraget må gjevast ein spesiell omtanke – som eit av dei viktigaste uregulerte vassdraga, frå høgfjell til fjord, og som ei livsnerve og ein formar av landskapet i store delar av heradet. Å rokka ved dette er å øydeleggja ein verdsarv.

Kortreist og rein mat, produsert på ein berekraftig måte, vil ikkje mista aktualitet i planperioden. Men utan å stimulera småskala- og deltidsbønder, vil gjengroing og endringar i kulturlandskapet skyta fart og gamle slåtteenger med stort artsmangfald og tradisjonsrik historie forsvinna. Difor er det viktig å leggja til rette for dei levande landskapa som turistar og andre set pris på.

«Verdas vakraste reisemål» vart nemnt, sjølv om me meiner bruken av dette uttrykket bør tonast ned. Uansett vil naturen kunna vera eit fortrinn for heradet i planperioden, og i generasjonar vidare. Og vel så viktig er det at naturverdiar gjev mange utanfrå ein grunn for å leva og bu i akkurat i denne kommunen. I ei stadig meir urbanisert og pressa verd, er dette det store fortrinnet me har – i kombinasjon med alt det flotte Voss elles kan by på.

For Voss naturvernlag, Inge Draugsvoll

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.