Ordet fritt:

Ingen ny Vossebane med Frp

På Voss veit me godt kva risikoen er ved at samferdsleprosjekt kjem i andre periode av Nasjonal transportplan (NTP): E16 Skulestadmo–Vinje, Rv13 Vikafjellstunell og E16 Nærøydalstunell låg alle inne i NTP 2014-2023 frå den raud-grøne regjeringa.

AV
Publisert

Om Vossabanen sto der: For å kunne gi et forbedret togtilbud på strekningen videre fra Arna mot Voss må det bl.a. gjøres tiltak i infrastrukturen. I kart var det illustrert at modernisering av Vossabanen skulle skje i perioden 2018-2023. Føresetnaden var ein KVU for E16/Vossabanen som sto ferdig i 2014, og bestilt av samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) i 2012. Eit traséval vart gjort av regjeringa i desember 2015 med K5 Arna-Stanghelle.

Transportetatane hadde K5 med byggjestart 2021 inne som bunde prosjekt i sin NTP. Hordaland fylkesting, der eg var leiar i Miljø- og samferdsleutvalet, prioriterte E16/Vossebanen og liv og helse fyrst. Regjeringa gjorde det ikkje, annonsert med Erna Solberg sin famøse pressekonferanse i Arna, saman med stortingsrepresentant Helge André Njåstad frå Frp.

Senterpartiet meiner K5 Arna–Voss må realiserast fyrst av prosjekta i Hordaland. E16/Vossebanen er ryggsøyla i norsk samferdsle mellom våre to største landsdelar og i dag er samfunnskritisk infrastruktur trua. I Sp sin alternative NTP sat me inn igjen dei tre statlege milliardane i fyrste NTP-periode som Frp og samarbeidspartia tok ut. Liv og helse på veg og bane hastar, men det er òg viktig å få kostnadene ned med parallell realisering. I pressemelding frå Solvik-Olsen sitt eige departement 1. april 2014 står det at prislappen for ny veg og bane vil bli fem milliarder kroner dyrare om det ikkje vert eit fellesprosjekt, og det var berre for K5 Arna-Vaksdal.

Kor mykje dyrare K5 Arna–Stanghelle blir ved å splitta bygging av veg og bane er uvisst, men Senterpartiet meiner det mest rasjonelle er at K5 må vera eit fellesprosjekt.

I Bane NOR sitt handlingsprogram 2018-2028 står det i ein fotnote (sjå illustrasjon) at det manglar tre mrd kroner i andre NTP-perioden frå 2024 til å ferdigstilla Vossabanen Arna-Stanghelle til 2029. Solvik-Olsen held dei togreisande for narr når han skriv «la meg derfor være tydelig – våre mål står fast». Dessverre har Solvik-Olsen ingen plan for å finansiera ferdigstilling av K5 Arna–Stanghelle, og det er grunn til uro når han seier «våre mål står fast».

PS: I fjor var det på E16-strekninga Stanghelle-Voss dei tre personane omkom i trafikkulukker, ei strekning som det heller ikkje føreligg ambisjonar om å realisera. Dette er «Norges verste veg».

Nils T. Bjørke, stortingsrepresentant Hordaland Senterparti

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.