– GODE KOLLEKTIVLØYSINGAROrdet fritt
Ordet fritt:

Høyring av kommuneplan for nye Voss herad

Uttale til Voss kommune. Fyrst om levande nærmiljø.

AV
Publisert
Oppdatert:

Kommunen må ha ei berekraftig samfunnsutvikling «med det grøne skiftet» der ein tenkjer minst mogeleg bruk av energi og transport i dagleglivet. Det må vera bilfrie soner og fortetting i sentrum der ein også tek vare på grøntområde og har lett tilkomst til butikk, helse og fritidsaktivitetar.

Folk må ha viktige tenester i sine nærområde. Det gjeld mellom anna barnehage og skule og at dei frå Granvin ikkje skal måtta reisa heilt til Voss for å få naudsynt helsehjelp og legekontor.

Ved nybygg må det stillast krav om energieffektivisering og kortreist energi med bruk av solselle, geoenergi m.m.

Arealbruk:

Arealdelen må definera utbyggingsområde for hus og hytter i område der ein også kan utvikla gode kollektivløysingar slik at ein unngår at alle køyrer eigen bil slik som til Myrkdalen, Herresåsen m.m. Bygging i nærleiken av jernbane og buss er difor gunstig.

Ein må ta vare på viktig landbruksområde og ikkje bruka matjord og dyrka mark til bustader og hyttefelt. Dette gjeld også at ein må ta vare på viktige område for biologisk mangfald. Ein må verna om dei resterande områda som er villmarksprega og ikkje tillata nye inngrep der. Vassmiljø må utgreiast i samband med sårbare våtmarksområde og myrer der ein kjem i konflikt med utbygging. Eksisterande urørte vassdrag må vernast mot kraftutbygging.

Tiltak mot flaum må gjennomførast utan løysingar med kraftutbygging. Avklaring av areal til næring utanfor tettstadene der ein unngår nedbygging av myr og matjord.

Ein må fremja kortreist matproduksjon og auka mengda med økologisk produksjon. Ein må få tilbod om område til parsellhagar og hageområde for dei som bur i blokk i sentrumsområde utan eigen hageflekk.

Sykkel og kollektivtilbod:

Saken fortsetter under annonsen.

Gang- og sykkelveg mellom Vossevangen og dei nærliggjande tettstadene som Gjernes, Skulestadmo og Palmafossen må vera gode og vedlikehaldne året rundt. Dette gjeld også for tettstadene i Granvin.

Kommuneplanen må tenkja samhandling med sentrumsplanen på desse tinga. Ein må tilretteleggja med godt tilbod med buss i lokalområda rundt tettstadene.

Ein må sjå kommuneplanen sine tiltak opp mot klimaplanen og rullera denne og få ein felles plan med Granvin.

Friluftsområde må sikrast mot nye inngrep og ha god tilrettelegging for brukarane. Det må lagast løypeplan over godkjende trasear i viktige turløyper som Myrkdalen, Herresåsen, Hamlagrø m.m. der ein tek omsyn til biologisk mangfald og kulturminne.

Ein må tilretteleggja med gode parkeringsplassar ved tur og friluftsområde og få fram kollektivtilbod dit.

Ein må få betre sikring av Prestegardsmoen og Bømoen m.fl. som viktige friluftsområde.

Ein må satsa på grøn turisme og få innført turistskatt.

Ein må få tilbod med «bysykkel» på Vossevangen og i Granvin.

Sveinung Klyve i Miljøpartiet dei grøne, kommunestyremedlem

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.