GRANVINOrdet fritt
Ordet fritt:

Helsetilbodet i Granvin etter samanslåinga

Tysdag 29. mai vart det halde eit orienteringsmøte på Granvin skule om helsetilboda i noverande Granvin herad etter samanslåinga med Voss.

AV
Publisert

Fleire av dei som arbeider med helsetilboda i nye Voss herad, heldt innlegg på møtet. I innlegga vart det mellom anna sagt at ein etter samanslåinga skal ha tilsynslege éin dag pr. veke på alle sjukeheimar og at skulehelseteneste skal oppretthaldast på alle skular. Begge desse tenestene er lovpålagde og kjem ikkje som følgje av samanslåinga. Det vart òg vist til kva tal elevar som må til for at helsesøster kan ha kontordag på skulen ein dag pr. veke, Granvin skule vil nok aldri kunna oppnå det om desse tala skal følgjast slavisk. Kva tilbod ein vil få her, vart ikkje nemnt, ein må nok rekna med at tilbodet vert dårlegare enn det er no.

Ingen av innleiarane sa noko om stoda for helsestasjon og legekontor i Granvin etter samanslåinga. Men fleire av innleiarane etterlyste innspel og oppfordra dei frammøtte til å koma med meiningane sine. Dette trass i at Granvin eldreråd og Granvin pensjonistlag alt i 2016 tok opp saka om planlagd nedlegging av legekontoret i Granvin, dei har jamleg teke opp att saka og bede om tilbakemelding på dette. Seinare har òg Granvin helselag stilt spørsmål og kome med innspel om framtidig helsetilbod utan å få noko konkrete svar. Ikkje ein einaste gong vart det i innlegga på møtet synt til desse innspela!

Heller ikkje vart det sagt noko om underskriftskampanjen mot å leggja ned legekontoret og helsestasjonen i Granvin. Over 90 prosent av innbyggjarane i Granvin herad og resten av Oksenhalvøya skreiv under på denne.

Eg synest at det er skremmande at ein slik oppslutnad frå innbyggjarane her betyr så lite at det ikkje var verdt å nemna i denne samanhengen. Det var leiarane av eldrerådet og pensjonistlaget som måtte minna dei frammøtte om både innspela og underskriftskampanjen!

Fekk informasjon, men ikkje svar

Ordføraren på Voss tok på møtet opp att at arbeidet med samanslåinga er ein viktig prosess, at det er viktig at alle er med og at alle vert høyrde og at dei to kommunane saman skal laga ein ny kommune.

Då ordføraren i Granvin runda av møtet, lova ho at alle innspela og underskriftskampanjen skal verta med i det vidare arbeidet. Då må dette visast i praksis.

Hetland, tidlegare kommunelege i Granvin, la på møtet fram gode argument om kvifor legekontoret her ikkje bør leggjast ned, men halda fram gjerne som utekontor slik det er no. Han viste til at denne ordninga med utekontor har dei i Kvam.

Kommunesamanslåinga skal etter planen føra til betre livssituasjon for innbyggjarane. Kan nokon koma med eitt konkret døme på kva betring ein vil få for Granvin sin del? Eg er redd at denne saka viser klart og tydeleg kva som blir Granvin sin situasjon i nye Voss herad; me er så få at meiningane våre ikkje vert tekne omsyn til. Uansett kven vi får valde inn i det nye heradsstyret, vil dei frå Granvin vera i mindretal. Skal ein få behalda legekontor og helsestasjon, gjerne som utekontor under lege- og helsestasjonen på Voss, bør det avgjerast før 01.01.20.

Solveig Tveito

Les også

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.