TRUA AV NEDLEGGINGOrdet fritt
Ordet fritt:

Helfo Voss – ei Helfo-avdeling for framtida

– Me er sjølvsagt lite nøgde med dei grunngjevingane som er kome for å leggja ned kontoret på Voss, skriv ordførar Hans-Erik Ringkjøb i Ordet fritt.

AV
Publisert
Oppdatert:

Eit mantra i digitaliseringsarbeidet har vore at det opnar for desentralisering. Med eit velfungerande digitalt nett og digital kompetanse er det blitt lagt til rette for at ein kan jobba kvar som helst. Arbeidsplassane kan liggja i ulike delar av landet.

Kompetansemiljø kan etablerast sjølv på mindre plassar. Digitalisering opnar opp for desentralisering.

Vidare legg digitalisering og teknologiutvikling til rette for at ein kan kopla kontaktar innan sitt nettverk i heile verda uavhengig av kvar du bur eller kvar arbeidsplassen din ligg.

I dette ligg det ein enorm fleksibilitet. Me kan leggja arbeidsplassar til område som er attraktive òg utanom jobb. Det kan lokka arbeidstakarar heimatt, eller det kan motivera nye til å flytta til spennande område utanfor dei meste sentraliserte områda i landet.

I PROSESSEN RUNDT rundt organiseringa av Helfo synest perspektivet å vera heilt motsett. Digitalisering og teknologiutvikling er sett på som eit argument for sentralisering. Kunnskapen er stadbunden, ikkje fleksibel. Kunnskapen er ikkje grenseoverskridane, men blir stoppa av kommune og fylkesgrenser.

Voss kommune vil oppmoda om at ein legg vekk dette perspektivet, og heller ser på kva moglegheiter digitaliseringa og teknologiutvikling gjer for å ha arbeidsplassar spreidde i heile landet.

PÅ VOSS HAR me fleire døme på at det er mogleg å etablera seg, sjølv der ein krev høg kompetanse.

Innan statleg sektor vil me visa til Vegtilsynet. For om lag seks år sidan vart Vegtilsynet etablert på Voss. Eit tilsyn som hadde trong for høgt utdanna arbeidskraft som skulle byggja opp eit heilt nytt tilsynsfelt.

Ved etableringa var det uro for om ein på Voss kunne rekruttera den kompetansen som ein hadde trong for. Ville høgt utdanna søkja jobb på Voss? For å svara på spørsmålet, rekrutteringsutfordringane var fiktive utfordringar. Me trur det same er tilfellet for Helfo.

I tillegg har Helfo den fordelen at dei alt er godt etablert på Voss. Me ynskjer òg å peika på at Voss har mellom dei høgst utdanna innbyggjarane i Hordaland, som region har me den nest høgste utdanna befolkninga i heile fylket (Hordaland i tal nr. 22017).

I SAMBAND MED omorganisering av Helfo er uroa for arbeidsmarknaden mange stader i landet trekt fram. Omorganiseringa er naudsynt og kontora må flyttast til andre plassar med ein velfungerande arbeidsmarknad.

Som dømet med Vegtilsynet viser, er rekruttering ikkje eit problem for vårt område. I vår region er det store kompetansemiljø innan mange ulike felt. Voss kommune meiner at ein må leggja til grunn erfaringane frå andre kompetansemiljø i kommunen, og gjennom det få fram at Helfo avdeling Voss vil kunne vera eit viktig og velfungerande kontor inn i framtida.

Saken fortsetter under annonsen.

Vidare vil me peika på at pr i dag er Voss ein del av bergensregionen, med stor inn- og utpendling, og me meiner at bergensregionen har ein velfungerande arbeidsmarknad som Helfo vil kunna ha stor nytte av framover.

Det er òg viktig å få fram at Helfo Voss har vore i front i digitaliseringsarbeidet i Helfo. Dei har vist seg omstillingsdyktige gjennom å vera pilotkontor og har levert gode resultat. Det har ikkje stått på kompetanse og kapasitet til å ta del i denne utviklinga.

Og, sidan Helfo-kontora ikkje har kundemottak, kan dei liggja kvar som helst. Bruk dei moglegheitene som ligg i automatisering, elektronisk eller digitalt, til å bruka ressursane som er her på Voss.

FOR KOMMUNEN SIN del er det svært uheldig å tapa 14 statlege arbeidsplassar. Over tid har me opplevd nedlegging av forsvaret, reduksjon innan post og tele og ei rekkje andre arbeidsplassar er blitt flytta vekk frå kommunen vår.

Me er sjølvsagt lite nøgde med dei grunngjevingane som er kome for å leggja ned kontoret på Voss, og følgjande spørsmål trenger seg på: Blir den betre av å flytta vekk 14 statlege arbeidsplassar der det er trong for høg utdanning og kompetanse?

Vil ikkje det berre føra til at neste gong er konkurransekrafta til distrikta endå meir svekka? Vil ikkje det vera ein ny spiker i kista for arbeidsplassar utanom dei meste folkerike områda i landet?

VIDARE ER ME særs urolege for dei tilsette. Me stiller spørsmålsteikn ved om det er reelt at alle tilsette får halda fram i jobben. Kor reelt er det t.d. å jobba i Stavanger og å bu på Voss? Som sagt, me er ein del av bergensregionen, men ikkje av stavangerregionen.

Voss kommune ynskjer å peika på dei moglegheitene Helsedirektoratet og Helse og omsorgsdepartementet har i samband med omorganiseringa av Helfo.

Ikkje reduser distrikts-Noreg til område med ikkje-fungerande arbeidsmarknader. Ta i bruk digitaliseringa som eit verktøy for å spreia arbeidsplassar og kunnskap. Vis at det eksisterer ein reell distriktspolitikk der ein planlegg for at det i framtida skal bu folk i heile landet. Vis at de meiner noko når de seier at for å sikra busetnad i distrikta, må det arbeidsplassar til.

Hans-Erik Ringkjøb, ordførar

Uttale frå Voss kommune til Helfo, helse- og omsorgsdepartementet, Helsedirektoratet, Helsekomiteen på Stortinget, Helse- og omsorgsminister Bernt Høye og stortingsgruppene til alle politiske partia.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.