FRAMNESOrdet fritt
Ordet fritt:

Heim att til Stronde

So skulle det laga seg slik at eg, ogso i år skulle få sjå mi barndomsbygd. Mine to døtrer skyssa meg frå Hamar til Vossastølen hotell.

AV
Publisert
Oppdatert:

I strålande vêr, nærma me oss målet for turen. Opp Vinjadalen, rundar den siste bergknausen.

Før Osabrua. Der med eitt slær det mot oss eit fatamorgana av eit landskap, vakrare enn noko som helst måleri.

Eit blikkstillt Oppheimsvatn, avspeglar fjella og alle dei grøne bakkane på gardane rundt vatnet. Ja, er ikkje det eit syn for gudar, tru.

Men etter eit par svingar på vegen er det eit heilt onnorleis syn som møter oss.

Kan det vera nokon som har sendt ein sjølvmordsbombar til Framnes?

Det stolte bygget som ein gong var Framnes hotell, og seinare Framnes kurstad, var ein arkitektonisk juvel. Ser no ut som eit utbomba palass ved Berlin etter den andre verdskrigen.

Eg sette meg på ein benk, utanfor trygdeleilegheitene der, ville berre sjå litt på trafikken på vegen.

Minst to bussar var merkte med Norway in a nutshell, og var fulle av passajerar. Som kanskje hadde valt Noreg som reisemål fordi landet er fredeleg å reisa i.

Dette bombekrateret på Framnes må då setja ein alvorleg støkk i turistar som kjem frå heile kloden.

Ja, eg finn ikkje ord for å skildra kor fælt og stygt dette er.

Olav Engeland, Hamar

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.