MOT GRANVIN OG VOSSOrdet fritt
Ordet fritt:

Hardangerrådet inklusive Voss

– Vår meining er Hardangerrådet må verta større, og meir slagkraftig, skriv Lars Inge Thorset.

AV
Publisert

Rett før jol las me eit intervju med dagleg leiar i Hardangerrådet Jostein Eitrheim i HF, som gav oss ei løypemelding i sonderingane med Voss. Eitrheim er tydeleg på at Hardangerrådet ikkje kan forsetja som før, og Hardanger må ta stilling til om Granvin skil lag med oss også på denne arenaen.

Vår meining er Hardangerrådet må verta større, og meir slagkraftig. Me skal inn i eit nytt stort fylke, og treng at flinke folk frå Hardanger og Voss kan finna felles styrke til å hevda seg der. Ein stor kommune med Hardanger og Voss ville sjølvsagt vore ei endå sterkare stemme, men den tanken kan me ikkje hugsa at nokon av våre folkevalte har sagt høgt.

På tampen av 2017 kom NTB med ei sak der Jan Tore Sanner bekrefta at ein ny kommuneproposisjon kjem før summaren. Dersom innhaldet i den får i gang nye samtalar i Hardanger, så utfordrar me våre folkevalte til også å ta diskusjonen om Hardanger og Voss kommune.

At det alt er i gang to prosessar i vår region er ikkje bortkasta, men snarare ein styrke dersom ein skal gje seg i kast med ein skikkeleg stor og handlekraftig kommune. Ein kan sjå føre seg at det å forplikta seg til prosessen med ein slik stor kommune, opnar for at fristen som Ullensvang kommune har kan skyvast til 2024.

Med ein slik horisont vil Odda, Ullensvang og Jondal ha tid til å ferdigstilla alle prosjekta i «lånemilliarden» sin mens me har kontrollen sjølve. Hardangerrådet kan berre forhalda seg til det som er kjent i dag, og det er at åtte kommunar vert til fem.

Hardangerrådet/tinget bør i tillegg til å ta opp i seg dagens åtte kommunar, også verta ein arena som forpliktar meir enn den gjer i dag. Dersom vår region ikkje klarer å stå samla, så tapar me i forhold til dei som klarar det. Det vert ikkje kortare til Leikanger om fylkesgrensa vert borte. Voss, Odda, Kvam, Jondal, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik og Granvin vil utgjera kring 35.000 innbyggjarar.

Lars Inge Thorset – sekretær Næringslivsgruppa Ullensvang Aust og Nord

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.