FORTETTINGOrdet fritt
Ordet fritt:

Hagebyen – fortetting, kvalitet og trivsel

På Voss finst eit unikt historisk byggjefelt med mange kulturelle og sosiale verdiar som i desse dagar er sett under press.

AV
Publisert
Oppdatert:

Byggjefeltet, som ligg under matrikkelgarden Rogne, er kalla Hagebyen og vart bygd i tida 1941 til 1943 grunna husnaud etter bombeåtaka på Vangen i april 1940. Husa kom som byggjesett og var ei gåve frå Sverige. Dei vart kalla svenskehus og det kom 30 av dei. Byggjefeltet gjekk under namnet Svenskebyen. Det kom òg fem hus av ein litt annan type, frå Buskerud, og som difor vart kalla Buskerud-hus. Til saman fekk byggjefeltet såleis 35 hus. Ei viktig årsak til presset som dette byggjefeltet no er utsett for, er fortetting som lokal kommunal styringsreiskap: hus skal rivast og tomter skal utnyttast betre.

Dei seinare åra er fortetting vorte ein omfattande styringsreiskap i svært mange offentlege samanhengar. Fortetting vert særleg nytta i offentlege sektorar der det gjeld fortetting av menneske: menneska skal leva og arbeida tettare på kvarandre. Prinsippet fortetting har ein ekstern, ’ytre’, og ein intern, ’indre’ dimensjon.

Eksternt skal geografiske areal nyttast betre ved at bustader og andre bygningar skal stå tettare. Den geografiske avstanden mellom husa skal reduserast. Internt skal menneska inni husa også koma fysisk tettare på kvarandre. Til dømes skal kontor delast opp eller kontorveggar rivast for å få opne landskap der det er mindre avstand mellom personalet enn om dei tilsette hadde sete på åtskilde kontor. Alternativet er at dei tilsette ikkje har fast kontorplass i det heile, men finn seg den arbeidsplassen som til ei kvar tid måtte vera ledig i landskapet.

Både i dei eksterne og i dei interne tilfella er motivet at fortetting vil resultera i betre økonomisk utnytting av arealet og dessutan at fortetting vil føra til større effektivitet og betre kvalitet på dei aktivitetane som går føre seg her. Ved hjelp av fortettingsløysingar vil det verta betre utnytting av ressursane, mindre sløsing, større trivsel og betra fysiske og sosiale miljø. Når det gjeld den eksterne fortettinga, skal den i tillegg sikra betre vern av anna ubygt areal, og dessutan føra til betre service- og kulturtilbod. På heimesida til regjeringa, Regjeringen.no, kan me lesa om alle føremonane som fortetting fører til.

Både dei eksterne og dei interne føremonane med fortetting som dei statlege styresmaktene har sett opp, har i svært mange tilfelle blitt tolka som eit statleg diktat på kommunalt plan. I praksis har det utvikla seg det me kunne kalla eit autoritært mantra som har gjeve lite slingringsrom for alternative løysingar, dels med fråvær av ein open diskusjon og langt på veg manglande omsyn til alternative interesser, verdiar og funksjonar.

Ekstern fortetting, det at husvære og bygningar generelt skal stå geografisk tett på kvarandre, er eit planleggingsprinsipp og ein byggjepraksis som fyrst og fremst er knytt til byplanlegging. Kvar grensa går mellom spreidd og fortetta byutvikling er ikkje alltid så lett å trekkja. Alt i mellomalderen kunne byane ha spreidd busetnad, samstundes som mellomalderbyane også kunne vera mykje fortetta. Bryggen i Bergen er eit godt døme på det siste. Verken spreidd eller fortetta urban busetjing er såleis noko nytt.

I moderne tid vart fortetting som styringsreiskap av bustadbygging i urbane strøk trekt fram i samband den nye bygningslova av 1965. Utover på 1970- og 80-talet fekk omgrepet fortetting større og større aktualitet. Årsaka var negative verknader av byspreiing. Seinare har bruken av termen fortetting, også kalla kompakt byutvikling, ekspandert i offentleg sektor.

Parallelt med den offentlege interessa for fortetting av urbane miljø, har ein interessert seg for fylgjene av fortettinga og ulike former for fortetting. Ein får lett inntrykk av at dersom det er gjort vedtak om fortetting, er det ’fritt fram’ for korleis fortettinga skal løysast praktisk. Då kan byggherre og arkitekt forma dei tekniske løysingane etter personlege interesser og personleg økonomi slik det høver dei. Slik har nok òg vore gjort i svært mange tilfelle.

Saken fortsetter under annonsen.

Mykje av den etter kvart omfattande litteraturen og dei rapportane som er komne om fortetting i Noreg dei siste åra, tek opp mange slike problemstillingar. Desse, som er lett tilgjengelege på nettet eller i offentlege bibliotek, diskuterer og analyserer erfaringar og utfordringar med fortetting. Aktuelle tema er mellom anna: kvifor fortetting, ulike former for fortetting, korleis hindra innsyn til naboen, korleis ta vare på lokale miljø- og bygningstradisjonar, korleis skapa trivsel, korleis ta vare på og utvikla kvalitetar i området osb.

Då Hagebyen vart reist under krigen, var utbyggjarane ikkje berre opptekne av at det skulle reisast enkle og funksjonelle hus på kort tid, dei var òg opptekne av at dette byggjefeltet skulle ha estetiske verdiar. I tillegg til det reint arkitektoniske galdt det mellom anna sjølve husplasseringa på tomtene. Det skulle vera eit visst friareal rundt husa til grøntareal som også skulle kunna nyttast til matauk. Slik vart dette til eit estetisk og arkitektonisk heilskapleg byggjefelt.

Ideen bak var hagebyfilosofien som oppstod i England på 1800-talet og sette sine fyrste spor i England og på kontinentet i overgangen mellom 1800-talet og 1900-talet og i mellomkrigstida. Her i Noreg har me ikkje så svært mange døme på det heilskaplege hagebykonseptet. Mest kjent er vel kanskje Ullevål hageby i Oslo. Der finst det òg nokre andre byggjefelt som er inspirerte av hagebyfilosofien. Elles finst det spreidde einskilddøme rundt omkring i Noreg, t.d. eit par stader i Bergen. Og så finst altså Hagebyen her på Voss.

Ei av dei sentrale årsakene bak hagebykonseptet var dei negative erfaringane ein hadde hatt med ekstern og intern fortetting under industrialiseringa på 1800-talet, særleg i dei engelske industribyane, som t.d. Manchester og Birmingham. Her var gjennomsnittsalderen svært låg, helsetilstanden var dårleg med mykje sjukdom og underernæring, og dei sosiale tilhøva var allment sett svært skrøpelege. Med hagebykonseptet trekte ein difor fram bustadverdiar som fremja trivsel, tryggleik, estetikk, lys, støyskjerming, geografisk rom, vegetasjon og grøntareal. Dette ser me tydeleg spor av i Hagebyen på Voss. Sett i høve til vår moderne samtid – med ein stendig breiare diskusjon med vekt på at buareal skal prioriterast med omsyn til lys, rom, estetikk, grøntareal og støyreduksjon – kan me seia at hagebykonseptet var langt framom si eiga samtid då det vart utvikla. Dersom fortetting skal vera ein lokal styringsreiskap, er det altså mange omsyn som skal takast, ikkje berre interessene til byggherre og ansvarleg søkjar. I eldre byggjefelt med historiske, arkitektoniske og miljømessige kvalitetar, vert dette særleg viktig. Slike omsyn finst det fleire av rundt om på Voss. Og dersom det er slik at fortetting skal gjennomførast, finst det svært mange måtar det kan gjerast på for å ta i vare verdiane i området. Det skal ikkje vera fritt fram for byggherre og ansvarleg søkjar å bestemma tekniske, estetiske og økonomiske løysingar, slik me ser i mange tilfelle i dag.

Fortettingsløysingane som no ligg føre for Hagebyen, tek altfor lite omsyn til totaliteten. Her har ’fritt fram-prinsippet’ fått gjennomslag så langt: omsyna til byggherre og ansvarleg søkjar har styrt prosessen. Eit av svenskehusa skal rivast for å erstattast av eit bygg med fire husvære. Det planlagde nybygget bryt sterkt med hagebytradisjonen både arkitektonisk og miljømessig. I eit anna tilfelle skal det reisast eit nybygg kloss opp til naboen som også bryt sterkt arkitektonisk og miljømessig med hagebytradisjonen. Dette nybygget hindrar utsyn hjå naboen, og dessutan skal det ha ein takterrasse som gjev panorama-innsyn til soverom, bad, kjøkken og hage hjå naboen. Dette både forringar trivsel og bryt med vern om privatlivet – som er ein grunnleggjande menneskerett.

I begge desse aktuelle byggjesakene i Hagebyen bryt dei framlagde løysingane både med hagebytradisjonen og med omsyn som vert trekte fram i litteraturen og rapportane som har analysert fortettingspraksisen i Noreg. Litteraturen og rapportane legg mellom anna vekt på dei ulempene som fortettinga har skapt – både psykologisk og sosialt – av di fortettinga ikkje har teke heilskaplege omsyn. Val av fortettingsmodell må sjåast i ein heilskapleg samanheng som ikkje favoriserer byggherre og ansvarleg søkjar. Kulturbygda Voss vil rimelegvis få auka folketal dei næraste åra, og då vil nok fortettingsprinsippet sikkert dukka opp i mange saker. Då er det viktig at fortettingsløysingane tek eit breitt omsyn og fremjar felles trivsel og heilskap.

Gunnstein Akselberg

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.