KREV BETRE OPPLÆRINGOrdet fritt
Ordet fritt:

Grensesetjing og haldningar inn i skulen

Det er på høg tid at seksualundervisninga i skulen blir vesentleg betra.

AV
Publisert

Born og unge i dag lærer fyrst og fremst om hormon, organ og dei kjemiske prosessane. Kjensler, seksuelle overgrep og grensesetjing blir ikkje tilstrekkeleg prioritert.

I ei undersøking frå 2013 seier berre 44 prosent av unge mellom 18 og 29 år at dei at fått opplæring når det kjem til grensesetjing og seksuelle overgrep på skulen, samstundes som berre 14 prosent meinte opplæringa i seg sjølv var god nok.

Heldigvis slår den blå-grøne regjeringsplattforma – jeløyplattforma – fast at regjeringa ynskjer å betra seksualundervisninga i grunnskulen og få inn både seksualitet og grensesetjing som tema alt i barnehagen. Resultat bør bli ei skikkelig reform av seksualundervisninga.

Gode læreplanmål er ikkje godt nok, me må sikra at elevane faktisk får ei god undervisning. Der dei kjenner dei sit igjen med kunnskap om meir enn berre det fysiske. Difor er det viktig at òg lærarane har god kunnskap på feltet.

Me lærer og utviklar haldningane våre tidleg, dette krev at me byrjar tidleg med å skapa sunne haldningar, og då særleg når det kjem til grensesetjing og seksualitet.

Det er derfor ekstra viktig at born og unge får læra om dette på ein alderstilpassa måte alt i barnehagen.

Voss kommune treng heller ikkje å venta på tiltak frå regjeringa. Voss Unge Venstre vonar at Voss kommune kan syna handlekraft ved å gå føre som eit godt døme og passa på at skulane i kommunen har ei forsvarleg seksualundervisning.

Saken fortsetter under annonsen.

Til dømes kan skulane nytta «Uke 6», som er eit program for gratis seksualundervisningsmateriell til å arbeida mot relevante kompetansemål frå fleire fag.

#MeToo kampanjen har for alvor vist akkurat kor viktig haldningar og respekt for kvarandre sine grenser er, og at seksuell trakassering er eit betydeleg samfunnsproblem.

Skulen si oppgåve er ikkje berre å gjera born og unge klare til studiar og yrkeslivet, men den har òg eit ansvar (saman med foreldra) for å utdanna dei til gode samfunnsborgarar.

I mønsterplanen frå 1974 står det: «Skulen skal syta for at borna vert gagnlege og tenlege menneske for samfunnet», ei setning eg sjølv har fått brent inn i hovudet frå barndommen av far min.

Dette oppnår ein ikkje berre gjennom å førebu dagens unge til yrkesliv og studiar, men ein må og læra dei om haldningar og kva som er greitt og ikkje.

Ei reform av seksualundervisninga bør difor vera ein viktig del av regjeringa sin skulepolitikk.

Jens Håkon Birkeland, leiar Voss Unge Venstre

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.