VELG HERADOrdet fritt
Ordet fritt:

Gå for Voss herad som nytt namn

Å velja «herad» i staden for «kommune» er eit unikt og framtidsretta val, meiner Knut Olav Røssland Nestås.

AV
Publisert

Før i år spurde Aslak Helleve om kvifor ikkje «nye Voss kommune» etter samanslåinga med Granvin kunne vurdera herad-omgrepet. No ser eg at også ordføraren etterlyser tankar rundt dette, og ære vera han for å klubba til open debatt. Nokon vil heilt sikkert meina at å ta herad-namnet no vil vera tilbakeskodande meir enn noko anna. Eg vil tvert imot hevda at det er eitt unikt og framtidsretta val, og eg skal prøva å grunngje kvifor.

Vossingen er i hovudsak kulturoptimist. Me har ei sterk tru på at me har noko i bygda vår som folk faktisk flyttar og reiser hit for å oppleva og å dela med oss. Eg deler det synet. Voss er ein region i seg sjølv! Me er ikkje Nordhordland, sjølv om me er om lag like «nordlege» som Lindås, Radøy og Meland. Vossingen er heller ikkje harding, sjølv om tida og samanslåing med Granvin vil gjera at det nye heradet strekkjer seg til Hardangerfjorden. Men Voss har plass til stolte hardingar, som vil leggja vekt på kva som er unikt med Hardanger. Det er ikkje så ulikt kva strendingar alt har gjort ved m.a. å fortelja soga om Myrkdalen, som ein særeigen stad med eigne kvalitetar året gjennom. Me har plass til både sjølvmedvitne strendingar og hardingar – og andre som flyttar hit, uavhengig av kommunesamanslåing. Og me tek imot dei med ein kulturoptimistisk bodskap: Voss har vore og er rett og slett Voss. Eller, berre Voss er Voss, som det også heiter. Det er sjølvsagt plass til deg òg!

Språket vårt er ein av dei avgjerande ingrediensane i vossa-kulturen. Same dagen som eg opplevde for snart ti år sidan at ein kar frå Oslo ikkje forstod (eller ikkje ville forstå) kva eg sa, var dagen eg kutta ut nokre av desse munnlege vangar-orda som hadde snike seg inn i språket mitt: «Se», «noe» og «mye» er gode dømer på slike vangar-ord. Einskilde vil ikkje forstå deg uansett korleis du tilpassar deg, så då er det like greitt å lata vera. Det passar vossingar dårleg å kompromissa på identiteten vår, og språket vårt får du aldri, Oslo. Men innbyggjarane dine i dag er sjølvsagt velkomne til å knota rette vegen når dei flyttar hit i morgon! Om du vurderer å knota rette vegen, er absolutt «sjå», «noko» og «mykje» ein god stad å starta. «Herad» er ikkje dumt det heller.

Med namnet Voss herad posisjonerer me oss i tråd med denne identiteten inn mot framtida: Herad-omgrepet er meir enn nasjonal og lokal historie, det er også eit unikt omgrep i ei stadig omskifteleg verd. Det passar vossingar godt å vera trygge på at me har noko unikt å tilby, og å vera uredde når det kjem til å ta sjølvstendige val for framtida. Herad-omgrepet stadfestar tesen om at berre Voss er Voss: For kven andre enn oss ville diskutert å ta herad-namnet i 2017? Og er ikkje nettopp det beint fram herleg, då?

Gå for Voss herad som nytt namn!

Knut Olav Røssland Nestås

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.