Ordet fritt:

Friluftsliv, samhald og læring

Skulestad skule, 7. klasse, hadde siste veke ein flott friluftsdag ved Smalahovetunet, med Lønavatnet som ein nær arena.

AV
Publisert

Voss utferdslag og Voss jeger- og fiskarlag hadde invitert 7. klassingane til ein annleis skuledag. Dagen skulle innehalda fisking, matstell ute, leikar med fagleg innhald. Det sosiale var også i fokus.

Med løyve frå grunneigar hadde me ute fem garn som borna fekk trekkja i starten på dagen. Bra spenning og litt jubel etter kvart som garna inneheldt fisk. Sløying, reinsing og klargjering av 34 grillfiskar var ein aktivitet. Ungdomane var ivrige og trong noko rettleiing i prosessen.

Viktig å fanga fisk og bruka den som den flotte maten den er. Det vart òg fiska opp nokre fiskar med stang og sluk. Og redningsvest var obligatorisk for dei som fiska frå båt.

Det var òg spennande med spikarstafett, hesteskokasting og pil og bogeskyting. Dessutan ein spennande stafett for å laga ulike geometriske figurar. Der vart det både kvadrat, rektangel, paralellogram, prisme og framlegg om andre figurar.

Slengtau vart prøvt som repitisjon av gangetabell.

Eige kokkelag laga grønsaksuppe, grilla eple med fyll og til slutt grilla fisk. Maten vart godt motteken. Aure med godt smør og flatbrød smaka fortreffeleg. Til stor glede for oss vaksne var det mange som rosa menyen. Litt annleis, men godt var omkvedet ved lunsjen.

Det vart òg hard kamp om god poengsum mellom ungdomane og lærarane ved hesteskokasting og pil og bogeskyting Trur den kampen enda ganske likt. Under intervjurunden kom det gode tilbakemeldingar. Kjekt med fisking, lærerikt.

Trekkja garn var nytt for fleire, og ekstra kjekt med fin fisk. Fleire trekte fram opplevingar, samarbeid og vennskap på ein slik dag. Alle ynskte fleire slike dagar, eller timar med læring i fag med konkrete, aktive arbeidsoppgåver.

Meir lærerikt enn å svara på oppgåver. Ein forstår betre og hugsar det som blir gjort når ein arbeider praktisk. Nokre ville velja friluftsliv valfag på ungdomstrinnet og jobba godt der for seinare å gå på villmarkslinja ved Voss vidaregåande.

Toril Hunnålvatn frå Voss utferdslag og underteikna frå Voss jfl ynskjer at born og unge lærer å bruka naturen til læring og opplevingar i framtida. Og så utruleg kjekt og lærerikt å vera i lag med så flotte, greie elevar. Måtte dei berre, etter eigne ynskje, få oppleva dette meir i dagleg skulegang – til utvikling av læring, samhald og byggja gode relasjonar seg i mellom og mellom elevar og tilsette.

Det er viktig for trivselen, og trivst du, så gjer du ein betre jobb for framtida.

Magne Sørestrand

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.