BITCOIN PÅ DALEOrdet fritt
Ordet fritt:

Falskmynteri på Dale

Før vov dei og spøta dei på Dale, no er dei begynte med å slå falsk mynt – bitcoin. Det er forunderleg at staten tillet slikt.

AV
Publisert

I gammal tid hadde einast kongane rett til å slå mynt. Framleis har statane einerett på å trykkja pengar. Grunngjevinga er at berre staten er sterk nok til – som regel – å garantera tiltru til pengane, slik at dei ikkje stig eller fell i verdi frå eine dagen til hin. Soga har mange døme på kor gale det går når tiltrua til pengane kverv.

Eg kan skjøna at eit lett tilgjengeleg alternativt valutasystem kan vera ei hjelp i land med eit dårleg banksystem. Men gleda kan ikkje vara.

Bitcoin er spekulasjon. Og spekulasjonsbobler sprekk. Ofte riv dei mykje med seg i fallet.

Eg sa at eg undra meg over at staten tillet slikt. Nei, det er eigenleg ikkje så rart. I dag abdiserer staten på felt etter felt. I seinkapitalismen synest det som om viktigaste statsoppgåva er å hjelpa private til å tena pengar. Og det utan tanke på om det dei tener pengar på er vist eller gale.

Aslak L. Helleve

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.