BER OM FORKLARINGOrdet fritt
Ordet fritt:

Etterlysing

Ola Folkestad ynskjer svar frå Terje Breivik (V) på fleire spørsmål.

AV
Publisert

For nokre år sidan var Terje Breivik rimeleg ofte i lokalavisene og fortalde oss kor greitt det skulle gå å få realisert oppgradering av Bergensbanen, Ringeriksbanen og riksveg Bergen – Voss. Seinare har det vorte smått med både innlegg og gladmeldingar.

Men på aksjonsmøte for E16 på Voss i april 2017 uttrykte Breivik stor optimisme på vegne av K5. Han sa i flg Vaksdalsposten m.a. «Eg skal kjempa med dykk. Dette skal me saman dra i land. Og med dette meiner eg oppstart i 2021, og ikkje i 2024 slik me sa i Arna» (Iflg Vaksdalsposten stadfeste Breivik dette utsagnet etter aksjonsmøtet). Korleis utfallet vart ved behandlinga av NTP veit vi diverre altfor godt.

Men i haust har vi hatt stortingsval, og Venstre har no gått inn i regjeringa, etter eige utsagn for å få større gjennomslag for Venstre sine kjernesaker. Så då er det vel berre å sjå kva som står i Jeløyaerklæringa om dei nemnde sakene. Eg har prøvd, men finn ingen ting.

Difor etterlyser eg med dette ei oppdatert og realistisk orientering frå Terje Breivik om hans vurdering av stoda både for K5 og for Ringeriksbanen.

Og når eg først er i gang, kan Terje Breivik gjerne kommentere fylgjande: Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget har 15 medlemer. Hordaland har i inneverande periode 16 representantar på Stortinget. Sett i lys av den reine «kjøtvekta», i tillegg til dei mange store samferdsleproblema vi har her i fylket, så burde Hordaland heilt klart ha eit par representantar i denne komiteen.

Korleis skal ein då tolke det syrgjelege, og nesten utrulege, faktumet at ingen av stortingsrepresentantane våre er plasserte i denne komiteen? Vonar at Terje Breivik har ei god forklaring på dette.

Eg vil gjerne også ha Breivik si vurdering av korleis dette vil påverke arbeidet med å halde dei etterlyste sakene varme.

Ola Folkestad

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.