ELDRERÅDETOrdet fritt
Ordet fritt:

– Er eldrerådet ute or soga?

Ågot Himle vil ha avklart om vedtaket var lovleg då Eldrerådet skifta namn til Seniorrådet.

AV
Publisert
Oppdatert:

I Hordaland tysdag 3. okt. les eg at kommunestyret einstemmig har sandpåstrødd eit vedtak i eldrerådet om å skifta navn frå Eldreråd til Seniorråd. Eg stiller spørsmål om dette er eit lovleg vedtak?

Ut frå Lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd (eldrerådslova), er eldrerådet eit lovpålagt utvalg. Jfr paragraf 1 i lova «I kvar kommune skal det vere eit eldreråd som skal veljast av kommunestyret for valperioden.» Noko Voss kommunen gjorde ved oppstart av valperioden.

I lova står det ingen ting om at eldrerådet kan kalla seg seniorråd. Eg har undersøkt hjå Fylkesmannen, juridisk avdeling om det er kome ei ny forskrift som gjev heimel for dette namnebytet. Det er ifylgje den informasjonen eg fekk – ikkje det.

Eit kommunestyre kan ikkje endre navn etter eige forgodtbefinnande på lovpålagde utval. Det er ei endring som eventuelt må verta nedfelt i lova og som berre Stortinget kan gjera.

Eg forventar at Voss kommune no tek opp denne problemstillinga med Fylkesmannen og får avklart lovlegheita i vedtaket. Innan denne avklaringa er gjort, må nok det såkalla seniorrådet framleis kalla seg eldreråd. Eller er Voss kommune ein stat i staten som føler seg overordna Stortinget?

Ågot Himle

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.