BUSSOrdet fritt
Ordet fritt:

Er det nye tider?

Bussjåførar må ha ein eigen effektivitetstrong innbaka i utdanninga.

AV
Publisert

I Haugsvik stansa ikkje bussen sjølv om jenta sprang ved sida av og veiva med armane.

Jenta hadde fått lærlingeplass på Vangen, og tida passa med bussen som køyrde frå henne.

Lukka var at jenta hadde ein slektning som såg situasjonen, og køyrde henne ned til rett tid denne gongen.

Har busselskapet orden på sjåførane sine?

PS. Dette er ikkje fyrste gongen at bussjåførar har det travelt her.

Idar Grindheim

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.