FAGSKULEN PÅ VOSSOrdet fritt
Ordet fritt:

Er det «dei kloke» som styrer og steller i samfunnet?

Forslag, vedtak og politiske resultat, gjer at ein, i mange tilfelle, undrar seg på kvifor det ikkje er kvalitetskrav til politikarar. Det er gjerne på tide at det blir innført!

AV
Publisert
Oppdatert:

Iflg. media har dei som styrer og steller i samfunnet vedteke, at:

1) Finnmark. Landet sitt suverent største fylke, skal slåast saman med Troms til eit nytt «kjempefylke» på 74.493 km2 (størst i Europa?). Men 87 prosent av finnmarkingane (nesten 9 av 10 personar) vil ikkje ha noko samanslåing med Tromsø, difor truar no «nokon svært kloke i Oslo» med tvangssamanslåing. Det ser ut som desse «svært kloke i hovudstaden» har vedteke samanslåing av Finnmark og Troms utan å ta omsyn til dei som bur, og som skal bu, i Finnmark. Har desse «svært kloke» misforstått si oppgåve? Ikkje alle med styrande tillitsverv i samfunnet synest å vera klare over at dei er folket sine tenarar – og ikkje folket sine generalar eller «småkongar». Og burde dei ikkje ha som mål, i samarbeid med innbyggjarane, å tilretteleggja eit best mogeleg samfunn for alle?

2) Bergen fengsel, avd. Osterøy (Ulvsnesøy) skal leggjast ned. Iflg. både tilsette i fengselsvesenet, andre fagfolk og vanlege borgarar, er Ulvsnesøy kanskje det beste soningstilbodet i landet. Her får innsette, iflg. info, ei soning som inkluderer utdanning og ei tilbakeføring til samfunnet som ingen annan soningsstad kan tilby – og resultata er svært gode. Men no skal, tydelegvis, kanskje landets beste soningstilbod leggjast ned. Men har «dei kloke» tenkt gjennom kva resultatet kan bli? Har dei tenkt gjennom kva det kan kosta samfunnet når innsette ikkje lenger får den spesielle opplæringa som Ulvsnesøy gjev – men at innsette, i staden etter endt soning, held fram med sine kriminelle aktivitetar? Kanskje det kan bli kostbart for samfunnet å leggja ned Ulvsnesøy? Men kriminelle skadeverknader går nok på ein annan konto i samfunnet – som blir styrt av «andre kloke». Så å leggja ned det spesielle og unike soningstilbodet på Ulvsnesøy, er, truleg, ei svært klok avgjerd både for innsette og samfunn! (Iflg. info er saka inntil vidare, sett på vent.)

3) Fagskulen på Voss. Dagundervisninga (dagklassen) på fagskulen skal leggjast ned. Tilbodet no blir, iflg. info, nettbasert deltids-/fritidsundervisning (kveldsarbeid). Som både lærarar og fagfolk bygg og anlegg seier – det er stor forskjell på kompetanse og kvalitet når det gjeld elevar frå dagklassar og elevar frå nettbasert kvelds- og fritidsundervisning. Utdanning i dagklassar gjev dei beste fagfolka – som no blir borte. Nettbasert kvelds-opplæring heime (gjerne etter at ungar endeleg er i seng), gjev, av forståelege grunnar, ikkje same kompetanse eller kvalitet, som dagklassar i eit fagleg læremiljø. Men «kveldsstudiejengen» blir no den tilgjengelege fagressursen. Som ein bygningsingeniør sa: «Her har nokon avgjort at å spara nokre kroner på eit budsjett er viktigare enn kompetanse og dyktige fagfolk. Snakk om å vera framsynt når det gjeld verksemder som treng dyktige medarbeidarar». Men saka er, truleg, vurdert av «nokon kloke», som har funne ut at dette er beste løysinga for samfunnet!

4) Kraftfondet. I ein kommune har nokon avgjort at det kommunale kraftfondet skal tømmast til fordel for eit fjellheisprosjektet (ref. media). Resultatet blir at fondet blir stengt til år 2020. Men i denne perioden fram til år 2020, vil det gjerne dukka opp personar med gode idear, med planar om nyetablering/nye verksemder, (som gjerne har like store overlevingssjansar som eit fjellheisprosjektet) – og som kunne hatt bruk for økonomisk hjelp frå kraftfondet i kommunen. Men der er då ikkje midlar å henta – pengane er brukte på eit luftig «Skylift-prosjekt» – med overkøyrde, sinte og frustrerte huseigarar. Men situasjonen er, truleg, grundig vurdert av «nokon kloke», som beste løysinga for næringslivet i kommunen.

5) Kommunalt storkjøkken – eldreinstitusjonar. Ein kommune i fylket har visst vedteke å byggja nytt kommunalt storkjøkken (til 20 millionar?), sjølv om det står eit nytt storkjøkken ledig i denne bygda. Dette må vel vera ressursutnytting på sitt beste? Andre kommunar har gjort si erfaring med storkjøkken og mat til eldreinstitusjonar og ein del kommunar seier no at «i vår kommune skal institusjonane ha eigne kjøkken». Tenk om denne kommunen også hadde sagt det.

Vår gode nabo, Danmark, har vore igjennom sin prøveperiode med storkjøkken, og går no over til ei langt betre løysing – kjøkken på institusjonane. Men «alle kloke» i dette landet ønskjer ikkje å dra nytte av andre si erfaring (hjå oss veit me best sjølve!).

Saken fortsetter under annonsen.

KRITISKE

Men ei god løysing kunne kanskje vera å nytta det ledige storkjøkkenet i denne bygda til ein prøveperiode? Prøveperioden ville, truleg, ha vist om storkjøkken er tilfredsstillande løysing, før det blir svidd av 20 millionar (?) skattekroner på eit kommunalt kjøkken. (Kjøkkenet på sjukehuset i denne kommunen har kapasitet, og kan gjerne òg vera ei løysing både for ein prøveperiode og eventuelt permanent?).

Men «nokon kloke» i denne kommunen har visst funne ut at det er betre å svi av 20 millionar (?) kroner, enn å prøva ut løysinga som fleire kommunar og andre land alt har prøvd ut, og no går vekk frå.

6) Målstyring. Eit mål for dei som styrer og steller og tek avgjerder i samfunnet, må vera, at dei, i samarbeid med innbyggjarane, arbeidar for eit best mogeleg samfunn og ein best mogeleg livssituasjon for alle innbyggjarar – ved å nytta tilgjengelege samfunnsressursar best mogeleg. Men er det alltid slik det ser ut til å fungera? Tek «dei kloke» rette avgjerder og blir ressursar i samfunnet nytta best mogeleg i ymse saker – ref. m. a. nemnde eksempel?

Ein sogning hadde i fjor meining om korleis samfunnet vart styrt, då han, i ei større avis, m. a. gav uttrykk for følgjande:

Det er ikkje alltid dei skarpaste knivane som engasjerer seg i politikk og styring av samfunnet. Forslag, vedtak og politiske resultat, gjer at ein, i mange tilfelle, undrar seg på kvifor det ikkje er kvalitetskrav til politikarar. Det er gjerne på tide at det blir innført!

Odd Himle og Magnar Lemme (samfunnsinteresserte heimfødingar)

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.