EKSTREMSPORTEN TREKKJEROrdet fritt
Ordet fritt:

Ekstremsporten har ført oss til Voss

– I anledning regulering av Bømoen-saka, vil eg oppmoda kommunen til å nytta muligheita til ein gong for alle å seia si meining om ekstremsporten på Voss! skriv Johann Gotteberg.

AV
Publisert

Underteikna er tilflyttar og ny på Voss i mai i år. Det vil seia – eg prøver å bu her så mykje eg kan, men jobbar i Sogn & Fjordane – det har rett og slett ikkje vore utlysingar innan mitt fagfelt siste året i arbeidsmarknaden på Voss. Så kvifor har eg flytta til Voss då, når eg ikkje har jobb her eingong?

Det heile starta for snart 10 år sidan da eg vart invitert med på Ekstremsportveko. Eg stortreivst og fekk eit heilt anna inntrykk av Voss enn det eg hadde før. Inntrykket då var at Voss var ei sær bygd der stort sett alle flosklar og stigmatiserte oppfatningar om bønder og bygder fekk fritt spelerom og som ikkje hadde noko å tilby med mindre du var bonde eller tilsett i kommunen. Men eg kom tilbake kvart år for Ekstremsportveko var fantastisk.

Etter mange sykkelturar i Bømoen, ski og sykkelturar i fjella rundt etc. så vart eg freista av fallskjermhopping. I 2012 byrja eg med fallskjermhopping. Dei siste 5 åra har eg pendla til Voss heile sommaren for å dyrke fallskjermsporten min, inntil eg i år gjorde alvor av det og snudde pendlinga. Eg flytta til Voss permanent. No bur eg her og pendlar tilbake til S&Fj på jobb. Kanskje vert det til at eg finn meg jobb ein annan plass litt nærare for eksempel Bergen. Helst skulle eg hatt ein jobb på Voss. Kanskje det vert lagt til rette for næringsutvikling på Bømoen som ikkje går på bekosting av flyplassen og kanskje er det her min framtidige jobb er. Så ja, eg er positiv til regulering av Bømoen – men ikkje slik den er framlagt no. For nett no lurer eg på om eg har gjort noko feil ...

Medan eg sit og skriv dette så prøver eg å koma på kor mange som er i same situasjonen som meg. Altså tilflyttar og ny skattebetalar til Voss. Eg kjem på mange ... heilt konkret så veit eg om minst 8 familiar og mange enkeltpersoner som har flytta til Voss. For min del så kjem eg på mellom 40-50 personer inkl. borna som berre dei siste åra har flytta til Voss pga. fallskjermhoppinga.

Eg vil tippa at det rette talet er mykje, mykje høgare. Når eg snakkar om ekstremsport, så meiner eg dei sportane som skjer på Ekstremsportveko. Om ein tek med dei andre ekstremsportane som paragliding, kajakk etc. etc., så vert talet tilflyttarar endå høgare. Kommunen burde undersøkja dette grundig og eg mistenkjer at av dei som har flytta til Voss, så vil utruleg mange ha ekstremsport som ei av topp 3-årsaker til at dei valde å flytta til Voss.

Ekstremsporten på Voss er etter mi oppfatning eit fyrtårn. Terminologien er nytta der ein stad har ein attraksjon som i seg sjølv fangar merksemda til område utanfor. Attraksjonen i seg sjølv er ikkje den som skaper økonomien, men det er den som skaper grunnlaget og muligheitene for økonomi mellom dei tilhøyrande/underliggjande aktørane. Eit godt døme er Rovaniemi i Finland – der Nissen bur – 300.000 vitjar Rovaniemi årleg for å sjå nissen. Som følgje av dette har Rovaniemi klart å byggja eit av Europas større skianlegg med tilhøyrande overnatting. Altså er nissen fyrtårnet og skianlegget aktøren som skaper økonomien.

Då eg valde å flytta til Voss, så var eg naiv. Eg trudde jo at ekstremsporten var velkommen på Voss og at alle var positive til den. Ja, eg visste jo så klart at enkelte ynskjer flystøyen dit peparen gror og at enkelte jorde og bøar skal du aldri landa på for bonden ikkje vil deg vel om du landar der. Dette er jo å forventa i ei bygd. Me ser det same i Flåm der bønder skriv ukvemsord på høyballar og ber turistane reisa. Men eg trur ikkje cruiseskipa sluttar å ta turen til Flåm av den grunn.

Men eg trudde at kommunen var positiv og var på lag med ekstremsporten og i det minste på ein plass som Voss. Dette er jo bygda som fostrar OL- og VM medaljørar og som set fysisk helse og idrett i høgsetet. Men etter å ha flytta hit og ha sett kva som skjer i saka om Bømoen, så er eg ikkje sikker på om kommunen faktisk ynskjer ekstremsporten velkommen, ja ein kan undrast om den vanlege mosjonisten ikkje er velkomen heller, all den tid det er aktuelt å byggja ut Bømoen slik reguleringsplanen er lagt fram. Det kan verka som at investorar kan utforma regulering til sitt eige beste og med støtte frå kommunen. Om det er 1000 eller 200 bustader, endrar ikkje så mykje anna enn innteninga til investoren. Så snart ein opnar for bustader i dette området, så vil ein forringa flyplassen og aktiviteten.

I anledning regulering av Bømoen-saka vil eg difor oppmoda kommunen til å nytta muligheita til ein gong for alle å seia si meining om ekstremsporten på Voss! Kommunen har no ei muligheit til å løfta fram ekstremsporten og dermed også luftsporten som eit fyrtårn. Det kan ikkje herska tvil om at ekstremsporten og Ekstremsportveko saman med dei involverte aktivitetane har ekstrem signifikans av internasjonal betyding for Voss. Både på turismen, tilflyttinga og som rekreasjon og hobby for innbyggjarane. Destinasjon Voss og andre nyttar ekstremsporten i utruleg mykje av si marknadsføring, og turistnæringa har i alle fall heilt klart dratt fordelar av ekstremsporten.

Voss kommune må anerkjenna ekstremsporten som fyrtårn for bygda og heilt klart setja foten ned for element i reguleringsplanen som kan forringa dette. Spørsmålet kommunen må stilla seg er om investoren skal tena på framtida til Bømoen på bekosting av fyrtårnet til kommunen. For ein konsekvens av bustader i Bømoen er at muligheiter og driftsgrunnlaget for flyplassen vert forringa og dermed også fyrtårnet til Voss.

Saken fortsetter under annonsen.

Eg har tidlegare jobba med destinasjonar og aktivitetar. Ekstremsporten som fyrtårn er heilt unik og eit fyrtårn som ekstremsporten er det alle andre drøymer om å få. Her må kommunen støtta aktørane som driftar dette og sikra aktørane dei beste forutsetninger for å halda fram. Ein av desse er Voss Fallskjermklubb. For enkelte lokale vossingar er dette ei plage pga. flystøy, medan andre ynskjer meir av det. Partane her jobbar kontinuerleg med å tilpassa seg kvarandre. Men ei bustadbygging på Bømoen vil eskalera denne konflikten.

Kommunen må anerkjenna at Voss Fallskjermklubb er største fallskjermklubben iNord Europa og nasjonalt kanskje den viktigaste klubben i sitt slag. – Som resultat av dette har Voss fått Ekstremsportveko, eigne utdanningslinjer og skular innan ekstremsport (Voss Folkehøgskule) og positiv tilflytting til bygda. Eg kan ikkje talfesta betyding av Ekstremsportveko og ekstremsporten på Voss. Men det skal ikkje mykje til for å forstå at dette har større betyding enn ein kan sjå av økonomien til den enkelte idrettsklubben – det vera seg fallskjerm, paragliding eller kajakk.

Før kommunen tillet noko som helst knytt til desse aktivitetane og då spesielt på flyplassen, bør kommunen undersøkja kva dei faktiske innteningane er og kva gode som er skapt og kan skapast i framtida som følgje av ekstremsporten og luftsporten på Voss. Ei slik undersøking bør inkludera primære, sekundære og tertiære effektar og ikkje kvantifiserbare gode.

Å byggja bustader på ein flyplass er i utgangspunktet ein dårlig ide. Dette seier seg sjølv med tanke på støy og sikkerheit. Sjølv utan ekstremsporten, så er det noko som automatisk vert feil når ein seier bustader på ein flyplass. Endå verre om dette kan på noko måte forringa aktiviteten og muligheitene til noko så viktig som ekstremsporten på Voss. Her må kommunen som forvaltar og ansvarleg setja klare føringar for regulering. Og i tillegg visa at ekstremsporten og flyplassen er komne for å bli. Verdien av å ha ein småflyplass i bygda går føre ein enkelt utbyggjar sine ønskje. Ei utbygging skal ikkje gå på bekostning av denne – men heller støtta opp om flyplassen.

Dette inneber at kommunen må gje utbyggjaren klar beskjed om at 0 bustader skal inn i reguleringa. Det bør heller ikkje førekoma utbygging av næring tett på flyplassen og i sikkerhetssona til flystripa. Tilstrekkelege område til å sikre dagens og framtidas drift av flyplassen må inn i reguleringsplanen, og behovet kan vera større enn i dag.

Rett instans for å avgjera kva som er mulig å byggja ut, er Luftfartstilsynet og desse skal vere ansvarlege for uttalelser om drift og sikkerheit på flyplassen.

Det er ikkje kommunen sitt ansvar å maksimera inntjeningsmulighetene til investorar. Slik reguleringa er lagt fram, vil den ha negative effektar for fyrtårnet som ekstremsporten er for Voss.

For meg og mange andre er ekstremsporten den viktaste årsaka til at me har kome til Voss. Men om kommunen opnar for å redusera eller forringa dette, så føler eg meg ikkje velkommen og då flyttar eg og eg trur dette også gjeld mange andre av tilflyttarane.

Paradokset er at om kommunen opnar for bygging av bustader i Bømoen, så sit dei med bustader, men ingen til å bu der. Dei har flytta, for Voss er ikkje lenger det det var – ekstremsport-bygd med eigen flyplass.

Johann Gotteberg, tilflyttar

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.