PÅ TUROrdet fritt
Ordet fritt:

Ein fantastisk Opptur

Veit de. Førre veke var det opptur igjen for 10.året på rad.

AV
Publisert

Voss utferdslag stilte med mange mange turleiarar og DET veret til årets tur. Turleiarane er så hyggjelege og omtenksame menneske som er gode gode førebilete for elevane våre.

Me hadde ein fantastisk dag! Elevane var heilt supre, og alt gjekk knirkefritt for seg. Eg trur elevane kjente kor kjekt det kan vera å vera ute i naturen og vera saman med andre og bruka kroppen ein dag. Dei vart også betre kjente med «nærnaturen» sin på Hanguren. Veldig veldig kjekt.

Ein annan dimensjon er det møtet som vert mellom ungdom og vaksne. Turleiaren og deltakaren. Der er det mange samtalar i løpet av dagen.

På førehand var, i år som alle år tidlegare, Bjørn Grande inn i alle 8. klassane på skulen her og dreiv kunnskapsformidling om naturen, miljøspørsmål, og kunnskapar om det å bruka naturen som rekreasjonsområde, med påfølgjande «quiz» der klassane deltok i ein konkurranse seg i mellom. Premiane var svært rause: 3.plassen fekk 1000 kr, 2.plassen fekk 2000 kr og 1.plassen fekk 3000 kr. Høgtidleg premieutdeling ved matpausen på Hanguren.

Stas for alle og spesielt for vinnarane.

Dette er superbra opplegg der Voss utferdslag med Bjørn Grande i spissen har drive på.

Det som også er så kjekt med denne dagen er at 8. klassingane på Sundve/Vossestrand er med også. Dermed får ungdommane frå to ulike vossaungdomsskular møtast. Det er jo litt tøft.

Det er heilt imponerande korleis utferdslaget og Bjørn Grande har drive dette arbeidet fram alle desse åra.

Eg trur kontaktlærarane på skulen her gler seg til dei får ny 8. klasse for då veit dei om den årlege turen i mai.

Me takkar Voss utferdslag og Bjørn Grande spesielt for arbeidet dei legg ned for alle ungdommane.

For Voss ungdomsskule, Anne-Siri Undeland Bauthus

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.