Ordet fritt:

Den smale veg – før og no

E16 mellom Voss og Bergen vart kåra til landets dårlegaste veg, men når ein tek omsyn til trafikkmengda, er vegen mellom Vangen og Haugsvik heller ikkje så freg.

AV
Publisert

Eg gjekk eit stykke oppover E16 her ein kveld, for me har ikkje gang- og sykkelveg forbi her som me bur,

det var ikkje noko kjekk oppleving, det var rett og slett ein utriveleg kveldstur.

Det er rart å tenkja på at då eg var liten gut buførde me både sauer og kyr etter den samme vegen som eg gjekk tur, bilistane køyrde som regel fint og tok omsyn til dyra, men ein som køyrde litt uvørent fekk kjeft av han far, men då vart sjåføren sur.

Eg hugsar også soldatane som skulle gå til marsjmerke for forbi her, og dei smilte og vinka til oss ungane sjølv om dei hadde gnagsår både her og der. Når me ungane laga til jonsokbrudlaup, gjekk me etter vegen for å visa oss fram, og sjølv om brura var eit hovud høgare enn brudgommen sa ho mor at det ikkje var noko skam.

Bilistane som køyrde forbi brurefylgjet vinka til oss og smilte og lo, og når me gjekk forbi eldre kjeringar, så laut dei opp med forklessnippen og turka ei tåre og to.

Men som alle andre ektefolk kunne det ferske brueparet også verta ueinige om ein del ting, og ein gong vart brura skikkeleg sint og kasta brudgomen ned ein vegaskråning, så han laut til doktaren og sy tre sting.

Ja, i gamle dagar kunne me bruka vegen til nær sagt alt, om sommaren lærde me å sykla der og om vinteren brukte me sparkstøtting når det var snjo og kaldt.

Ingvald Ringheim

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.