Ordet fritt:

«Byggjer høgt og stort»

Bane Nor vil byggja høgt og stort på Fengselstomta. Fem eller seks høgder. Det vil gje plass til ei mengd kontor.

AV
Publisert

Men er det fleire kontor me treng mest på Voss no? Er ikkje byråkratia store nok? I praksis viser det det seg at der det er rikeleg med kontorplass, så vert det lettare å byggja ut nye etatar, med nye oppgåver. Og når byråkratia då veks seg store, så finn dei også stadig fleire oppgåver å løysa. Gjerne med stadige nye krav om dokumentasjon, slik at veksten kan halda fram. Sjå berre på Utdanningsdirektoratet. Eit døme på såkalla «eksponentiell vekst».

Problemet er vel at Bane Nor har for mykje pengar? Når budsjetta aukar, er det å satsa på bygg og anlegg ein enkel måte å bruka store pengar på.

Denne pengebruken er kanskje typisk for Noreg, med våre store inntekter frå olja og rekordstore uttak frå Oljefondet.

Bane Nor skal setja opp nybygg i fem-seks høgder

Noreg ligg heilt i tet når det gjeld tapping av våre reservar av olje og gass. Det fortel BPs Statistical Review 2017, der me finn nøytrale og sikre tal for våre uttak av fossil energi. Noreg står der for 0,4 prosent av verdas kjende oljereservar, og for 2,2 prosent av verdas uttak av olje. Det vil seia at me tømer våre kjende oljereservar over fem gonger så raskt som verdsgjennomsnittet!

Mange land har eit meir langsiktig og ansvarleg perspektiv på olje- og gassressursar enn Noreg; – til dømes Iran, Russland, Irak og Saudi-Arabia. Om dei skulle opna kranane, slik me gjer, ville verda fløyma over av olje og gass.

Bak vår oljepolitikk står ei rekkje villmenn og villkvinner frå ulike politiske parti. Dei både tømer våre reservar raskt, og gjer sitt beste for å prata opp verdien av framtidige funn. Nokre få har i lang tid mana til meir måtehald, ein av dei er Kåre Willoch.

Trygve Refsdal

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.