– HØGRE TEK FEILOrdet fritt
Ordet fritt:

Bustadbygging og flyplass let seg ikkje kombinera

– Ein kan ikkje byggja ein einaste bustad på Bømoen og samstundes oppretthalda dagens aktivitet og drift på flyplassen, skriv Andreas Håland Hemli.

AV
Publisert

Ynskjer å kommentere det eg meiner var eit utydeleg lesarinnlegg frå Voss Høgre i Hordaland laurdag 6. januar.

Voss Høgre tek feil. Dei skriv at flyplassen skal vera sikra framleis drift med same aktivitetsnivå som i dag, samstundes som dei meiner at bustadbygging kan tillatast.

Ein kan ikkje byggja ein einaste bustad på Bømoen og samstundes oppretthalda dagens aktivitet og drift på flyplassen.

Om du ynskjer å lesa meir, kjem eg tilbake til kvifor, men ynskjer fyrst å kommentera nokre av meiningane til Høgre.

VOSS HØGRE UNDERGREV alle innspela som har vert gitt i Bømoensaka, både i avisa og til kommunen, ved å påstå at dei fleste er ganske «likelydande». Dei som har lese alle 150 høyringsinnspela, veit at desse er alt anna enn likelydande.

Voss Høgre undergrev den konstruktive debatten som har vore, når dei skriv at «Debatten om Bømoen si framtid må attende til det konstruktive sporet han var i den gongen moglegheitsstudien for området var lagt fram».

Det har vore gitt ei enorm mengde konstruktive innspel til debatten sidan 2011.

Omfanget av føreslått bustadbygging i Bømoen vert presentert på ein misvisande måte når Høgre skriv at bustader berre vil kunna leggja beslag på inntil 6 prosent av Bømoen. 6 prosent er vel summen av grunnflata til kvart bygg, og som kjent vil eit bustadområde inkludera hagar, tomter, vegar, grøfter, bakgrunnsareal osv.

Desse «6 prosenta» vil sannsynlegvis bandleggja 80-90 prosent av det området som er mest brukt til friluftsliv og utandørs aktivitetar. Sjå vedlagt illustrasjon. Eg trur også Høgre kan sjå at dette ikkje er snakk om berre 6 prosent.

Samstundes vil 6-etasjars blokker endra heile landskapsbiletet til Bømoen og Voss, og blokkene er attpåtil lagt i innflyginga til ei flystripe(!). (Alt i dag har flyplassen nokre naboar som klagar på støy, og me som jobbar her vil gjera det beste me kan for å ta omsyn og samarbeida med Voss kommune om dette. Men kvifor byggja endå tettare inntil flyplassen, når det alt er eit problem for dei som bur lengre vekke?)

DET SER DESSVERRE ikkje ut som Høgre har sett seg inn i saka nok til å kjenna plandokumenta dei skal vurdera. Høgre skriv at aktivitetsnivået på flyplassen skal vera som før, samstundes som dei meiner at bustadbygging kan tillatast. Det kan ikkje byggjast i støysona, og støysona dekkjer det området som er aktuelt for bustader. Difor må aktivitetsnivået og rammevilkåra til flyplassen nedregulerast for eventuelt å kunna plassera bustader her.

Saken fortsetter under annonsen.

Dermed vil ein einaste bustad på Bømoen øydeleggja flyplassen slik me kjenner den i dag, og samtidig drastisk svekkja ein av bygda sine sterkaste reiselivsmagnetar og tilbydarar av sterke naturopplevingar. Ein hjørnestein, og ein av delane som gjer at bygda vår er spesiell. Heilt unik, faktisk. Korleis ser de for dykk næringspolitikken deretter?

Vidare skriv Høgre: «Det er gjort avtale om vidare drift av flyplassen, så her vert det uansett inga endring». Betyr vidare drift det same som «uansett inga endring»? Slik forslaget ligg i dag, vil det til dømes kunne medføra ein reduksjon på inntil 40 prosent av aktiviteten hjå fallskjermklubben. Og berre redusert opningstid kan medføra at folk frå Bergen og heile Norge ikkje lenger vil ta seg tid til å reisa til Voss. Då får me ein negativ effekt på langt over 40 prosent.

Lesarinnlegget inneheld ei rekkje antydingar og vage meiningar, og Høgre synest uvitande eller naive i fleire av sine påstandar. Dei torer kanskje ikkje ta eit standpunkt? Merkverdig at dei som har fått tillit til å røysta for fleire av oss brukar krefter på å skriva og offentleggjera noko med så lite innhald.

HØGRE SYNEST Å vera bekymra for forvaltninga av resten av Bømoen, om grunneigaren ikkje får moglegheit til å tena pengar på bustader. Er det ein politikar sitt ansvar å syta for at investorar får avkasting på visse område, slik at investorane tek ansvar for forpliktingane sine på andre område?

Vidare skriv dei: «Kva alternativ har så eigarane dersom dei ikkje får vedteke ein plan dei finn det verd å gå vidare med?», og «området må sikrast inntekter». Kva meiner Høgre med dette, og er det likt for alle som eig «område», at dei skal kunne «sikrast» inntekter? Er dette politikarane sitt ansvar?

Det er heller ikkje Voss kommune sitt ansvar å gje investorar inntekter eller avkastning. Bømoen AS har teke risiko på lik linje med andre profesjonelle investorar, og dei vil framleis kunna utvikla ein god plan og moglegheiter utan bustader. Bømoen AS har fått kjøpa ei fantastisk naturperle på 2350 dekar, rimeleg. Ei naturperle, ikkje eit bustadområde.

VILLE KOMMUNEN, HYPOTETISK sett, berre nokre få år etter at dei hadde moglegheit til sjølv å kjøpa tomta og godkjenna 1000 bustader, med milliardoverskot til kommunekassa og fellesskapet, i staden gje ei slik moglegheit for forteneste til to private firma?

Slike scenario er sjølve grunnen til at me får større forskjellar i samfunnet, mindre gode til fellesskapet og vanskelegare vilkår for fleire.

Bustadbygging er eit urealistisk forslag, og det har aldri vore opna for at det skal byggjast bustader her.

Høgre kan heller ikkje ri to hestar, men i tilfelle de har tenkt å prøva, skulle eg gjerne sett dette noko betre forklart enn i lesarinnlegget 6. januar.

Andreas Håland Hemli

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.